onsdag 27. februar 2008

Skuletur i morgon!



I morgon tidlig drar klassen vår (Filadelfia Bibelskule Oslo) til Filippinene! Eg gler meg utruleg mykje.. Og samstundes er det litt skummelt. Nei, det er feil ord... - utfordrande er betre. Spørsmålet er om eg klarar å takla alle utfordringane. Eg skal halda vitnesbyrd, vera med å leia klassen i bøn, og vera "partygirl" i dramastykket vårt. Det går dårleg, det. Har aldri vore ei festjenta, og då er det vanskeleg å spela kul på fest.. Men dei skjønar nok det me prøvar å formidla uansett om eg gjer ein litt dårleg jobb. Tross alt har eg ikkje hovudrolla. =)
Så har du sjølvsagt også kulturen, varmen, luftfuktigheita og alt det andre. Små ting som: Kjem eg til å lika maten der? og Vil mitt vitnesbryd bety noko for nokon der? er tankar som surrar i hovudet mitt konstant.
Men eg er klår! Og eg veit at Gud er med oss, med meg. Med Han kan eg klara alt. Heldigvis treng eg ikkje gå i eiga kraft, eg veit at Han vil gje meg av sin styrke. Og det er Han som skal virka i hjartene til folket der. Alt eg kan gjera, er eigentleg å la meg sjølv bli brukt av Han. Eg er kun ein reidskap i Meisterens hand.
(Bildet er frå vår juleavslutning - gler meg til å dra på tur med denne gjengen!)

torsdag 7. februar 2008

Predikantkonferansen 2008

Som elev på Filadelfia Bibelskole Oslo får me æra av å vera med på Pinserørsla sin årlege predikantkonferanse. Og sidan eg er fødd og oppvaksen som pinsevenn synest eg det er utruleg gøy. Her kjem alle dei kjende pastorane og forkynnarane, og så midt i mellom dei sit eg. Spennande.
Og det som sjølvsagt er ekstra gøy, er når nokre av dei kjenner meg att frå eit eller anna. For eksempel kjende dei som var pastorpar i Haugesund når eg var lita meg att. Ove og Anne-Marit Arnoldsen. Ifølgje Anne-Marit er eg ein av "ungane frå Haugesund".. Sjølv om ho måtte erkjenne at eg hadde vakse litt sidan sist. Og Øyfrid Sofienlund, som var leirprest på den fyrste leiren der eg var leiar (les: kjøkkenhjelp) kjende meg att og me snakka nokre minuttar saman.
Men det som toppa alt var sjølvsagt dei 5 minuttane eg fekk snakka med "gamle" pastoren min, Øystein Valde frå Betel, Frekhaug. Det er lenge sidan eg har snakka med han no, fann eg ut. Og det vart berre prikken over i'en i dag. Sjølv om me hovudsakleg snakka om påsken og kva som skal skje i Betel då, så var det kjekt. Og eg fekk tilbod om å delta med noko. Då er eg nettopp komen heim frå skuleturen til Filippinene, så eg reknar med at eg kjem til å ha mykje å dela.. Men uavhengig av det, så gler eg meg grenselaust til å koma heim att te Frekhaug, sjølv om det berre er ei kort helg. Eg gler meg til å koma heim!

Noko anna som sjølvsagt må skrivast ned er at i testen "Hvem er du i Andeby" fekk eg:
Jeg ble: Bestemor Duck- Du ble Bestemor Duck! Du er en persom som altid setter andre framfor deg selv, og du liker å bake.
Bestemor Duck i seg sjølv er kanskje ikkje så stort, men skildringa av henne fekk meg til å lika det. Det er jo eigentleg ein draumeskildring. Og som ein i klassen kommenterte:
Du ER Bestemor Duck. Bare kulere. Fra nå av ER du Bestemor Duck.
TIl det kan ein jo nesten seie Halleluja.. (Som ein ekte bibelskuleelev.. =)