måndag 15. september 2008

Oppdateringar

Oi, no er det lenge sidan eg har skrive noko her.. Skal prøva å halda bloggen litt meir oppdatert i framtida. Det tydar jo eigentleg at dette innlegget må verta om alle forandringane som har funne stad i livet mitt. Her kjem ein liten oppdatering:

Eg har flytta tilbake til Frekhaug, verdas vakraste stad. Eller kanskje ikkje, men folka her er i alle fall nydelege.. Eg trivst utruleg godt saman med venene mine i Betel, sjølv om det til tider kan verta litt einsamt i min store, fine leiligheit. 64m2, heilt for meg sjølv. Det er jo eigentleg luksus.
Men ein god del av tida eg er på Frekhaug brukar eg altså i Betel, eller saman med vener derfrå. eg er med i ungdomslederteamet og planlegg det meste som skal skje, og eg er med som leiar i Betel TenKlubb. Så eg får jobba/ vera saman med mange flotte ungdommar og tenåringar. Og er har verdas beste ungdomsleiar: Linn. veit ikkje kva eg skulle gjort på Frekhaug utan henne. Ho har, saman med sin familie og mange andre tatt kjempe godt i mot meg når eg kom her heilt åleina og litt redd for framtida. Når eg er saman med henne forsvinn all redsle som måtte vera der elles. Slike vener er ikkje berre gode, men livsviktige, i alle fall for meg.

Men så har du det som alle som er kjend geografisk i Hordaland spør om - kvifor bur du der ute, når du går på skule i byen? er ikkje det litt langt å pendle? Og jo, det er litt lant, 1 time med buss kvar vei. Men det er verdt det! Inne i byen finn du ikkje det miljøet som er her ute. Så eg kan med dette roa ned alle som er bekymra for meg med at eg stortrivst på Frekhaug..

Av andre forandringar er eg altså blitt student - sjukepleiar. Og det er kjekt, sjøl om det er mykje å lesa, mykje ansvar og mykje stress. Men eg trur det skal gå bra. Viss ikkje får eg finna meg eit anna yrke ;)

Alt i alt er livet mitt bra. Sist innlegg skreiv eg om sakn og kjærleik, om at eg sakna venene mine i Oslo, og på Frekhaug. No saknar eg naturlegvis venene i Haugesund og Oslo. Og det er sånn det skal vere. Viss eg ikkje hadde vener andre plasser enn akkurat der eg er, ville eg jo ikkje ha nokon å vitja.. Men no har eg vener både her og der, og eg ser fram til å vitja dei, til å sjå dei att. Det viktige er, som eg skreiv sist, at Jesus er her som eg er. Eg er aldri åleine.
Og Takk Gud for det!