Eg er sjuk. Tippar at eg har minst 39 i feber. Eg har ligget på sofaen meir eller mindre heile dagen. Med nokre små turar inn på badet innimellom, etterfølgt av massiv hoste. Eg har masse klede på meg, og i tillegg teppe og ei sommardyne. Og likevel får eg feberfrysningar. Men det verste er moglegvis at eg er åleine. Det er så utruleg kjedelig. Ingen som kan dulla med meg. Eg ringte mamma, og ho sa at eg kunne jo koma heim i helga, viss eg framleis er sjuk då, men eg håpar verkeleg eg er frisk til då. Men me får sjå.
Elles kjem ei listeoppdatering på kva som har skjedd i det siste:
- Eg har endeleg klart å få ferdig den ekstremt frustrerande oppgåva som eg har slitt med eit par veker. Og eg har fått levert den. No gjenstår det berre å be om at eg står.
- Me hadde ungdomshelg i Betel i helga: Fleire vart frelst, blant anna ein gut som har vore langt ute på kjøret, som kyrkjelyden har bedt for lenge no.
- Min fantastiske bror, med lovsongsteamet han spelar i, var her og deltok i helga. Det var veldig kjekt å treffa nokre vener frå Hgsd att.
- Ei lita nyfødt jente som har vore veldig sjuk og vart sendt til rikshospitalet i Oslo, legne synest det var veldig vanskelig, som me har bedt masse, masse for, er blitt frisk att! No er ho heime her på Frekhaug, og ho ler!
- Det har vore masse snø her i nokre dagar, men no er den vekk.
- Eg aka i snøen, oppe på Moldekleiv. Og eg såg sannsynlegvis utruleg elegant og fortryllande ut i kjeledressen eg låna av Harald.. ;)
- Gud har vist meg eit par ting frå fortida mi som eg må verta ferdig med. Trur eg er klar for å gå vidare no.
- Eg har funne ut at Jesus ikkje berre er vår bror, men vår brudgom! Vår elskar. Og han vil visa det. He wants to romance us.
Livet er trass alt godt. Sjølv om eg er sjuk. Men det hadde jo ikkje skada å verta frisk.Uansett, som eg skreiv i førre innlegg; mirakla skjer! No har me fått sett det i vår eige kyrkjelyd. Gud er God!
