måndag 31. mars 2008

Filippinene, påsken +++




Filippinene var fantastisk! Eg storkoste meg, i alle fall mesteparten av tida.. Eg haldt vitnesbyrd to gonger, og i forkant og etterkant av dei var eg kanskje ikkje heilt på topp. Men det gjekk kjempebra! Elles hadde me skulebesøk, møte i "Sea & Sun Christian Church", fellesmøte for alle kristne på heile Camiguin (det var mellom 700 og 1000 på møtet), ungdomsmøte o.l. Me køyrde drama, rap, dans, vitnesbyrd og tale alle stadane.. Og eg vitna altså, fyrst på eit møte i kyrkja, og så på fellesmøte. Dessutan var eg med i drama, sjølvsagt. Me gjekk på husbesøk to dagar og, til folk i kyrkjelyden. Snakka litt med dei, velsigna dei, osv. Det var sterkt å sjå korleis dei budde, men likevel tok imot oss med glede og helst ville ha heile klassen inn. Det gjekk ikkje i alle husa, men i dei fleste var alle med inn. Det var mange som ville ha forbønn for helsa, men få økonomiske ting vart nemnt. På møtene og bad me mykje om helbreding, særleg på fellesmøte. Eg bad for to med kreft/svulst, og to andre med andre plager. Sånne ting som er vanskelege å seie om vart helbreda eller ikkje. Men det har lært meg å gå i tru. Eg trur at Gud ser til dei, at Han legar dei, sjølv om eg ikkje er der og får sjå resultatet av bønene. Elles i kyrkja bad me mykje om åndsdåp, og det var mange somv art fylt opp av Den Heilage Ande. Tungetalen fløyt to av kveldane. Møtene i kyrkja var generelt prega av sterkt Gudsnærvær, og lovsongen var fantastisk. Snakk om menneske som gjev alt! Sjølv om me ikkje skjøna orda i alle songane kjende me anden. Kjempesterkt!

Elles må det jo også nemnast at Camiguin Island er ei nydeleg øy. Det er ei vulkanøy med berre 7 vulkanar (!), heldigvis var berre 2 av dei i livet, og dei sov. "Hush, you'll wake the vulcan!" var ein setning nokre i klassen fekk høyra når dei bråka litt for mykje.. Det skjedde heldigvis ikkje. Men det var mykje anna fint å sjå på, Katibawasan Fall, ein 80m lang foss, der me bada. Aldeles nydeleg.
White Island, ei sandøy på eit
korallrev litt uti havet var og flott.
Varme og kalde kjelder finst på øya, og elles er ho sjølvsagt full av palmar o
g andre ekotiske ting. Ho vert kalla "Paradise Island" og det er ikkje overdrive..

Og på bildet over kan du jo sjå nokre av alle dei
vakre, "gwapa" menneskene me trefte. Jentene som arbeidde i "Sea & Sun Ministries" var
utruleg kjekke, smilande, og gjorde alt for at me skulle ha det best mogleg. Og kveldane i Cafe Dafi, der dei serverte oss var kjempekjekke. Og best var det sjølvsagt når me inviterte med oss inn nokon av dei lokale folka og spanderte på dei. Så kosleg å sitja å snakka med dei..
Det var trist å reisa frå Camiguin Island og alt det som skjedde der, men det var godt å koma heim og. Og me kom jo heim til påskeferie, så då sto Haugesund og Frekhaug for tur. Så kjekt å treffa alle venene mine att.. Karina, Robert, Mette, Lisa, Linn, og resten av gjengen. Begge plassar. Mamma og Pappa, og Tonje, var forsåvidt på ferie sjølv, så dei fekk eg ikkje treft. Og det var jo litt kjipt, men eg treff dei vel snart nok likevel..
Men no er påsken og godt over, og skulen har byrja att. Og det er berre 11 veker att på FBO, så flyttar eg tilbake til Haugesund.. Og når august kjem flyttar eg til Frekhaug. Viss eg finn ein stad å bu. Men det går nok greit. Både gler og gruar meg. Men gler meg mest, sjølv om det vert trist å dra frå klassen her. Jaujau.. Eg skal i alle fall få mest mogleg ut av dei vekene eg har att her.. =)