Viser innlegg med etiketten jenter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jenter. Vis alle innlegg

laurdag 31. januar 2009

Wow...

Wow.. det er tanken om den siste veka. Det har riktignok ikkje skjedd så mykje, men eg kjenner eg har strekt meg. I går kveld hadde eg talen på Ablaze, ungdomsmøtet på Betel. Og sjølv om eg har haldt vitnesbyrd før (til og med for opp mot 1000 stk), og eg har leda møter, og eg har lest eigne dikt sjølv, så har eg aldri haldt ein tale. Så for meg var det eit stort skritt. Så til folk i Oslo kan eg sei at sjølv om eg ikkje lenger er på FBO og får undervisning og utfordringar der, så får eg nok av utfordringar her. Eg har ein god ungdomsleiar som sørgjer for at eg ikkje kjem til å stagnera. Takk, Linn.

For dei som ikkje var på Betel, talte eg om å bruka tid med Jesus - Han vil nemlig bruka tid med deg. Og ikkje berre ein dag i veka, men kvar dag. Jesus kaller seg vår brudgom. Ein brudgom er ikkje fornøgd med å vere med brura si ein dag i veka. Han vil vere med henne heile tida. Han vil ha eit intimt forhold. Og det vil Jesus òg. Han vil snakka med oss, høyra korleis me har det, fortelja at han elskar oss.

Dette er det eg har tenkt på dei siste dagane. Og det har fått meg til å bli endå meir ivrig i mitt orhold til Jesus. I går morges (eg hadde studiedag), brukte eg ein time til å lovsyngja Gud. Ein av dei tingene eg savnar frå FBO. Det er ein så herleg måte å starta dagen på.

Elles denne veka har eg vore med på å starta opp ei ny bibelgruppe, for nokre av dei yngre jentene i Betel. Det å skulle vera leiaren deiras utfordrar meg også. Men det blir bra! Eg diggar den gjengen, og gler meg til å bli betre kjend med dei.

No er det helg att, eg prøver å lese litt på sjukdomslæra, men kjem nok mest til å slækka i dag. Dessutan får eg besøk får ei kusine seinare i kveld, så må jo rydda litt og sånn før det..

For å summera opp: Veka mi har vore bra, denne dagen er bra, og helga blir bra. Livet mitt er rett slett bra! Close to perfect.. Gud velsigne dykk..

laurdag 20. desember 2008

Juleferie!

No har eg endelig fått juleferie. Har fått svar på alle oppgåver unntatt ei, og så langt ser det ut til at eg kjem til å stå. Så då slepp eg å uroa meg for det i ferien.

I går hadde me juleavslutning på Ablaze, ungdømsmøtet til Betel. God mat (les: grøt), fine klede (og gutar i dress er jo alltid kjekt), god underholdning og julesongar. Me hadde det veldig kjekt. I alle fall hadde eg det. Særleg bra var kanskje damenes og herrenes tale. Takk til Helene og Morgan. Me jenter fekk blant anna høyra at det finnes dyktige kvinner - det står til og med i bibelen (Ords. 31.29). Og at me er fine, både med vanlige klede, og når me er festpynta. Alltid kjekt å høyra slike ting =) Ein anna ting som må nemnast er Tore's hotte sjekketips for 2009. Nr.5 var spesielt god, skjønt kanskje litt vel rett på: "Fine sko. Skal vi gifte oss?" Sjølsikkerheita til den som bruker den linja er det i alle fall ikkje noko gale med...

No er eg heime i Haugesund, og skal på julebord med Connection Haugesund snart. Gler meg veldig til å treffa alle mine kjekke Haugesundsvener att. Og det skadar ikkje med endå ein kveld med gutar i dress.. =) Elles høyrer de vel frå meg att snart, men i mellomtida: God jul!