laurdag 31. januar 2009

Wow...

Wow.. det er tanken om den siste veka. Det har riktignok ikkje skjedd så mykje, men eg kjenner eg har strekt meg. I går kveld hadde eg talen på Ablaze, ungdomsmøtet på Betel. Og sjølv om eg har haldt vitnesbyrd før (til og med for opp mot 1000 stk), og eg har leda møter, og eg har lest eigne dikt sjølv, så har eg aldri haldt ein tale. Så for meg var det eit stort skritt. Så til folk i Oslo kan eg sei at sjølv om eg ikkje lenger er på FBO og får undervisning og utfordringar der, så får eg nok av utfordringar her. Eg har ein god ungdomsleiar som sørgjer for at eg ikkje kjem til å stagnera. Takk, Linn.

For dei som ikkje var på Betel, talte eg om å bruka tid med Jesus - Han vil nemlig bruka tid med deg. Og ikkje berre ein dag i veka, men kvar dag. Jesus kaller seg vår brudgom. Ein brudgom er ikkje fornøgd med å vere med brura si ein dag i veka. Han vil vere med henne heile tida. Han vil ha eit intimt forhold. Og det vil Jesus òg. Han vil snakka med oss, høyra korleis me har det, fortelja at han elskar oss.

Dette er det eg har tenkt på dei siste dagane. Og det har fått meg til å bli endå meir ivrig i mitt orhold til Jesus. I går morges (eg hadde studiedag), brukte eg ein time til å lovsyngja Gud. Ein av dei tingene eg savnar frå FBO. Det er ein så herleg måte å starta dagen på.

Elles denne veka har eg vore med på å starta opp ei ny bibelgruppe, for nokre av dei yngre jentene i Betel. Det å skulle vera leiaren deiras utfordrar meg også. Men det blir bra! Eg diggar den gjengen, og gler meg til å bli betre kjend med dei.

No er det helg att, eg prøver å lese litt på sjukdomslæra, men kjem nok mest til å slækka i dag. Dessutan får eg besøk får ei kusine seinare i kveld, så må jo rydda litt og sånn før det..

For å summera opp: Veka mi har vore bra, denne dagen er bra, og helga blir bra. Livet mitt er rett slett bra! Close to perfect.. Gud velsigne dykk..

søndag 25. januar 2009

helg...

Det er søndag, klokka er halv fire, og det er på tide å oppsummere helga. Og den har vore fantastisk! Det byrja på fredag med Betel Ten Klubb, der Helene hadde andakt, om at alt er tomhet under sola. I denne verda er alt berre tomhet, for å finna meininga med livet må du gå utanfor denne verda, til Gud, som er større enn verda, som eksisterer før verda var til, og som er den einaste som kan gje fullkomen lukke.

Etter BTK, som sluttar altfor tidleg på kvelden til å leggja seg, såg eg film. Stolthet og Fordom. No skal eg ikkje påstå at Mr. Darcy er perfekt, men han er ein god mann. Men no har eg ikkje tenkt å koma med ein "eg er 20 år og er framleis singel..." klaging.. Det gjer meg faktisk ingenting. Eg er nøgd med livet. Og trass alt, eg er ikkje åleine, Gud er med meg. Og når tida er inne vil han nok gje meg ein å dela livet med og.. Eg treng det ikkje endå.. Romantiske filmar er likevel alltid kjekke!

Laurdag slappa eg av litt, las litt og så vidare.. Og lagde cookies! Dei vart ikkje heilt perfekte, men til å vere fyrste forsøk var dei greie. Og så spiste eg ris og kylling i sursøt saus hos Linn og Ingunn. Og Linn og meg avslutta kvelden med å køyra til Osterøy for å vitja gjengen som var på 18+ leir. Utruleg gøy å overraska dei! Og det var eit fantastisk bra møte me fekk vera med på! For ikkje å snakka om underhaldninga med Steinar etterpå.
Det kjekkaste var likevel praten Linn og meg hadde i bilen til å frå Raknestunet. Om gutar, draumar, Gud, familie og slekt, Betel, talar og mykje mykje meir.

Og no er det søndag. Eg har vore på møte i Betel, med barnevelsigning. Det er alltid så koseleg å be for ei lita jente eller ein liten gut. Dei er så utruleg søte! Og nei, eg har ikkje lyst på ungar endå, men om nokon gode vener får ungar, hadde det ikkje gjort meg noko å sitja barnevakt innimellom.. =) Uansett, no skal eg berre slappa av resten av dagen. Eller kanskje eg skal spilla volleyball med Linda og Tonje og folk.. Me får sjå kva som skjer.. Ha ein fin dag!

måndag 19. januar 2009

Et land langt mot nord

Folk har etterspurt fleire dikt her på sida mi, så no kjem eit nytt. Dette vart skriven på toget på veg over fjellet, frå Oslo til Bergen sist helg.

Et land langt mot nord

I et land langt mot nord
Hvor bjørn og rev og reinsdyr bor
Hvor elvene er villere enn ulv
Himmel er tak og havet er gulv

I et land der skogen altid er grønn
Hvor vinden roper ut sin bønn
Hvor fjellene rake som konger står
Majesteter i landskapet år etter år

I et land der havet mot berget slår
Hvor fjordene langt inn i fjellene går
Hvor fossene buldrer som drager
Kalde netter og gode dager

I et land hvor sneen faller djup
Hvor landskapet kler seg i dronningsskrud
Hvor naturen lovsynger skaperen sin
Der er den verden jeg kaller min



Kva kan eg sei? Gud skapte Norge vakkert. Og det er dette landet eg er født og oppvokst i, det er dette landet eg har lært å elska. Her er min heim. Her er mi verd.

søndag 11. januar 2009

Oslo!

No er eg i Oslo, på det vakre rommet til Wenche på Risløkka.. Å kor deilig det er å vera tilbake! Alt frå Ungfila, å vera ute på byen å dela ut kaffi, drøsing med Wenche og Bente, kvelden med vener.. Alt saman er berre fantastisk. Og det kjennest ikkje rart, men heilt naturleg å vere tilbake. Sjølvsagt kjenner eg meg ikkje heilt heime i Filadelfia, eg vil alltid berre vere ein gjest der, men det er jo godt å vere der. Og det er godt å sitja og ta imot for ein gongs skuld. Sleppa å tenkja at eg er ledar og at eg må vere klar for å gje, viss det trengs. Ikkje misforstå, eg stortrivst i Betel, men det er godt med litt fri.

Elles har eg altså vore med ut på gata og delt ut kaffi, hovudsakleg til de narkomane på Oslo S. Og det kjentes bra å få vere med å gjere noko, i staden for å berre snakke om å gjere noko. Og så var me på taco-kveld hos Iris, saman med mange andre frå gamleklassen, pluss nokre andre. Og det var herleg å sjå Iris, Dina, Stina og alle dei andre att. Sjølv om eg ikkje saknar Oslo by, saknar eg venene mine.. 

I morgon skal eg vere med gjengen på skulen, treffa lærarar og dei fra Next Level eg endå ikkje har truffe. Gler meg! Men fyrst skal me på kafé (tullins, sjølvsagt) og Møtepunkt. Så no må eg gå å gjera meg klar.. ;)

laurdag 3. januar 2009

2009

I dag er det den første lørdagen i 2009. Eg tenkte det var på tide å skriva ned nokre tankar om det nye året. Nyttårsforsetter og slikt. For dei må ein jo ha, sjølv om dei færraste blir haldt. I år satsar eg som så mange andre på dei tradisjonelle forsetta, som å trena meir, eta sunnare, mindre godteri og slikt.. Så får ein sjå kor lenge det heldt.

I det store og heile trur eg ikkje sånne småting er så viktige. Om eg tar av eller legg på meg nokre kilo dette året, så er det tross alt ikkje så viktig. Sjølv om eg sjølvsagt foretrekk det første. Det viktigaste dette året som dei førre, er Jesus. Og det viktigaste eg kan gjera dette året, er å følgja han. Å leva nært Han. Og det planlegg eg å gjer i 2009. Og det beste er at dette er eit nyttårsforsett eg for guddommelig hjelp til å halda! Det er ikkje berre eg som vil leva nært Jesus, han vil også leva nært meg. Og difor held han meg nær seg, og gjer det lettare for meg å halda meg nær han. Eit fantastisk prinsipp.

Eg trur Gud har store planar for dette året. Ikkje berre med meg og mitt liv, men med Frekhaug, Norge, verden.. Og det er opp til oss om me vil følgja.