Wow.. det er tanken om den siste veka. Det har riktignok ikkje skjedd så mykje, men eg kjenner eg har strekt meg. I går kveld hadde eg talen på Ablaze, ungdomsmøtet på Betel. Og sjølv om eg har haldt vitnesbyrd før (til og med for opp mot 1000 stk), og eg har leda møter, og eg har lest eigne dikt sjølv, så har eg aldri haldt ein tale. Så for meg var det eit stort skritt. Så til folk i Oslo kan eg sei at sjølv om eg ikkje lenger er på FBO og får undervisning og utfordringar der, så får eg nok av utfordringar her. Eg har ein god ungdomsleiar som sørgjer for at eg ikkje kjem til å stagnera. Takk, Linn.
For dei som ikkje var på Betel, talte eg om å bruka tid med Jesus - Han vil nemlig bruka tid med deg. Og ikkje berre ein dag i veka, men kvar dag. Jesus kaller seg vår brudgom. Ein brudgom er ikkje fornøgd med å vere med brura si ein dag i veka. Han vil vere med henne heile tida. Han vil ha eit intimt forhold. Og det vil Jesus òg. Han vil snakka med oss, høyra korleis me har det, fortelja at han elskar oss.

Dette er det eg har tenkt på dei siste dagane. Og det har fått meg til å bli endå meir ivrig i mitt orhold til Jesus. I går morges (eg hadde studiedag), brukte eg ein time til å lovsyngja Gud. Ein av dei tingene eg savnar frå FBO. Det er ein så herleg måte å starta dagen på.
Elles denne veka har eg vore med på å starta opp ei ny bibelgruppe, for nokre av dei yngre jentene i Betel. Det å skulle vera leiaren deiras utfordrar meg også. Men det blir bra! Eg diggar den gjengen, og gler meg til å bli betre kjend med dei.
No er det helg att, eg prøver å lese litt på sjukdomslæra, men kjem nok mest til å slækka i dag. Dessutan får eg besøk får ei kusine seinare i kveld, så må jo rydda litt og sånn før det..
For å summera opp: Veka mi har vore bra, denne dagen er bra, og helga blir bra. Livet mitt er rett slett bra! Close to perfect.. Gud velsigne dykk..