Viser innlegg med etiketten vener. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vener. Vis alle innlegg

søndag 25. januar 2009

helg...

Det er søndag, klokka er halv fire, og det er på tide å oppsummere helga. Og den har vore fantastisk! Det byrja på fredag med Betel Ten Klubb, der Helene hadde andakt, om at alt er tomhet under sola. I denne verda er alt berre tomhet, for å finna meininga med livet må du gå utanfor denne verda, til Gud, som er større enn verda, som eksisterer før verda var til, og som er den einaste som kan gje fullkomen lukke.

Etter BTK, som sluttar altfor tidleg på kvelden til å leggja seg, såg eg film. Stolthet og Fordom. No skal eg ikkje påstå at Mr. Darcy er perfekt, men han er ein god mann. Men no har eg ikkje tenkt å koma med ein "eg er 20 år og er framleis singel..." klaging.. Det gjer meg faktisk ingenting. Eg er nøgd med livet. Og trass alt, eg er ikkje åleine, Gud er med meg. Og når tida er inne vil han nok gje meg ein å dela livet med og.. Eg treng det ikkje endå.. Romantiske filmar er likevel alltid kjekke!

Laurdag slappa eg av litt, las litt og så vidare.. Og lagde cookies! Dei vart ikkje heilt perfekte, men til å vere fyrste forsøk var dei greie. Og så spiste eg ris og kylling i sursøt saus hos Linn og Ingunn. Og Linn og meg avslutta kvelden med å køyra til Osterøy for å vitja gjengen som var på 18+ leir. Utruleg gøy å overraska dei! Og det var eit fantastisk bra møte me fekk vera med på! For ikkje å snakka om underhaldninga med Steinar etterpå.
Det kjekkaste var likevel praten Linn og meg hadde i bilen til å frå Raknestunet. Om gutar, draumar, Gud, familie og slekt, Betel, talar og mykje mykje meir.

Og no er det søndag. Eg har vore på møte i Betel, med barnevelsigning. Det er alltid så koseleg å be for ei lita jente eller ein liten gut. Dei er så utruleg søte! Og nei, eg har ikkje lyst på ungar endå, men om nokon gode vener får ungar, hadde det ikkje gjort meg noko å sitja barnevakt innimellom.. =) Uansett, no skal eg berre slappa av resten av dagen. Eller kanskje eg skal spilla volleyball med Linda og Tonje og folk.. Me får sjå kva som skjer.. Ha ein fin dag!

søndag 11. januar 2009

Oslo!

No er eg i Oslo, på det vakre rommet til Wenche på Risløkka.. Å kor deilig det er å vera tilbake! Alt frå Ungfila, å vera ute på byen å dela ut kaffi, drøsing med Wenche og Bente, kvelden med vener.. Alt saman er berre fantastisk. Og det kjennest ikkje rart, men heilt naturleg å vere tilbake. Sjølvsagt kjenner eg meg ikkje heilt heime i Filadelfia, eg vil alltid berre vere ein gjest der, men det er jo godt å vere der. Og det er godt å sitja og ta imot for ein gongs skuld. Sleppa å tenkja at eg er ledar og at eg må vere klar for å gje, viss det trengs. Ikkje misforstå, eg stortrivst i Betel, men det er godt med litt fri.

Elles har eg altså vore med ut på gata og delt ut kaffi, hovudsakleg til de narkomane på Oslo S. Og det kjentes bra å få vere med å gjere noko, i staden for å berre snakke om å gjere noko. Og så var me på taco-kveld hos Iris, saman med mange andre frå gamleklassen, pluss nokre andre. Og det var herleg å sjå Iris, Dina, Stina og alle dei andre att. Sjølv om eg ikkje saknar Oslo by, saknar eg venene mine.. 

I morgon skal eg vere med gjengen på skulen, treffa lærarar og dei fra Next Level eg endå ikkje har truffe. Gler meg! Men fyrst skal me på kafé (tullins, sjølvsagt) og Møtepunkt. Så no må eg gå å gjera meg klar.. ;)