onsdag 29. oktober 2008

Vakker, nydeleg, captivating

Det snødde i går. Og snøen låg på fjella og i skuggane der sola ikkje nådde fram. Og endå ein gong vart eg minna på kor vakkert det er rundt oss. Eg er riktignok ei sommarjente, og ser ikkje heilt fram til vinteren, men det er nydeleg når verda er dekka av eit lag med kvit, rein snø. Alt skapte han fagert i si tid (pred.2.11) Som ein kompis av meg har uttrykt det: Klarer du å se for deg et sted hvor årstidene er mer åpenbare enn noe annet sted i verden? Hvor våren, sommeren, høsten og vinteren eksponeres til det maksimale og stadig forandrer landets fasade? (http://www.sindresnotebook.blogspot.com/) Predikanten fortset: Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. Og det er sant. Eg fattar i alle fall ikkje alt. Men det eg ser meir og meir, er at Gud skapte alt vakkert for oss. Han vil at me skal sjå det vakre, i skaparverket, i Han. Og ikkje minst i oss sjølve.

Har akkurat byrja å lesa ei bok som heiter "Captivating" av Stasi og John Eldredge. Og ja, eg les bøker på engelsk. Den handlar blant anna om kvinnens skjønnhet. (Trur det faktisk er den norske tittelen). Og dei framhev det at kvinnen vart skapt i Guds bilete, som eit uttrykk for det vakre i Guds vesen. Og eg seier ikkje at det gutane ikkje er vakre, men eg trur det er noe i det at dette gjeld først og fremst jentene. Og litt av grunnen til at eg trur dette, er det massive angrepet mot skjønnheten i jenter. opp i gjennom historia har jenter alltid vorte angrepe på dette. Alltid er det noko, eller nokon, som seier at me ikkje er vakre nok. At me skulle vore meir. eller mindre. Me er aldri god nok, vakker nok, som me er. Og gutane har nok vore ein del av det. Av og til utan å vita det, av og til veldig vitande. Men likevel, me jenter må nok sjølv ta på oss storparten av skulda.

Kvifor er det sånn at nokon blir sett på som vakre, og nokon ikkje? Kvifor er alle damene på tv tynne damer utan noko ekstra fett? Er det det som er vakkert? Mika har ein sang som heiter "Big girls, you are beautiful". Eg slår eit slag for den. For alle jenter faktisk. Me er alle skapt i Guds bilete. Uansett korleis me ser ut. Og no vil eg ikkje komma me ein klisjè om at det er personlegheita som er det vakraste, eller at det kun er det som er i Guds bilete. Eg trur at kroppen vår og er vakker. Nydeleg. Akkurat som den er. Stor, liten, høg, lav, blond, brunette, svart, kvit - det speler ingen rolle. Beautiful comes in all sizes.

Du er vakker! Som du er. På same måte som naturen fortel oss at Gud er vakker, fortel du det! Du er det ultimatet beviset på Guds skjønnhet. Synes dunaturen er vakker? Sjå på deg sjølv i speglet. Du er sååå mykje vakrare! Sei det. Tru på det. Lev det!

DU ER VAKKER! NYDELEG! CAPTIVATING!

fredag 24. oktober 2008

Nærmere deg, min Gud

Mykje har skjedd i det sista, kanskje mest inne i hovudet mitt. Dei siste vekene har vore lange, kjeisame, og til tider litt vonde. Men dei har fått meg til å tenkja meir på Gud. Dei har fått meg til å innse at eg er avhengig av Han. Eg veit ikkje ein gong om eg ville vore i livet i dag, uten Han. Og likevel gløymer eg ofte å bruke tid med Han. Han som elskar meg høgare enn alle andre. Han som gav sin son for meg. Og endå ein gong blir eg minna på at det er når eg er med Han eg er lukkelegast. Det er då livet kjennest verdt å leva. Så bønen min i dag, er: Dra meg nærare deg, Gud!

Nærmere deg, min Gud, nærmere deg
om det et kors enn er, som løfter meg!
Synes meg veien trang, er det dog all min sang:
Nærmere deg, min Gud, nærmere deg!

Vandrer jeg viden om, solen går ned
mørkt blir det, kun en sten, å hvile ved

I nattens dyp til meg, finner du, Gud, din vei.
Nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Stigen jeg skuer reist, mot himlen opp.
Englene ferdes der, til høyest topp.
Nåde er all din vei, oppad den fører meg,
nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Derfor med våkent sinn, fullt av din pris,
bygger et Betel jeg, på Jakobs vis.
Alter blir stenen meg, pilgrimen takker deg:
Nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Evige Gud til deg, lengter min sjel.
Herre, du alltid er, min lodd og del.
Tung eller lett min gang, alltid det blir min sang:
Nærmere deg, min Gud, nærmere deg.
Sarah Adams

måndag 20. oktober 2008

diverse

Etter ei kjeisam og lang veke der lesing til eksamen sto i fokus, dro eg ut til Rødland med ledergjengen i Betel TenKlubb - BTK. Og me hadde ei flott helg! Mykje regn, litt morgontrim utpå laurdag ettermiddag, lasagne, ligretto og spagettitårn-bygging var nokre av ingrediensane desse fine dagane. Og ikkje minst - lovsong og prating om menighet. Om korleis menigheten ikkje er huset, men folka. For meg er Betel heimen min. Folka der er familien min.

Som sagt har eg hatt ei lang og kjeisam veke. Når ein sit åleine og les, ser på film eller på tv, så blir livet fort kjeisamt. Når venene mine i tillegg er opptatt med praksis eller andre ting, blir det fort endå verre. Til og med Gud kjentes langt borte. Eg droppa å lesa i "Bokji", tenkte at det var ikkje så viktig og at eg hadde andre, kjekkare ting å gjer. Som å se på tv. For det er jo så oppbyggande og energigivande. Nei.
Heldigvis har eg ei bibelgruppe, der vi kvar veke les eit stykke i Bibelen. Til torsdag var det 2.Petersbrev. Så torsdags ettermiddag satte eg meg til slutt ned og byrja å lesa. Og så godt det var! Så herleg forfriskande. Guds Ord er veien, sanninga og Livet.
Og etter ei fin bibelgruppe, var det altså tenklubb og helgetur. Og helga blei flott avslutta med eit møte i Betel, der Sverre Langeland tala, om Ordet Åleine.

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.
I byrjinga var ordet, og ordet var hjå Gud, og ordet var Gud.
Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.
Han som vitnar om dette, seier: «Ja, eg kjem snart.» Amen. Kom, Herre Jesus! Herren Jesu nåde vere med alle!

PS: Angåande eksamen, så gjekk det strykande! Eller, kanskje ikkje, det vart vel meir midt på treet, men eg reknar med at eg i alle fall står. Og det er jo bra.

tysdag 7. oktober 2008

Det største mysterium

Las tilfeldigvis eit dikt av Andrè Bjerke i dag, og det er jo rett og slett fantastisk bra! Så difor må det delast.

Det største mysterium

Det største mysterium er ikke mer
enn det: at en ørliten kropp
er våknet til jorden: Den nyfødte ser!
To luker i Himlen går opp

Selv femtrinnsraketter og kjernefysikk

blir puslingers puslespill
Når den nyfødte med et eneste blikk
beviser at Gud er til
Andrè Bjerke

















Kor enkelt, og kor sant!
Dei siste vekene har eg studert anatomi (eksamen om under to veker!) og eg må seie at det største provet eg har på at Gud fins, må vere skapningen sjølv, mennesket, kroppen. Tenk så fantastisk kroppen vår er - kor perfekt alt stemmer saman. Eg klarar ikkje å tru at det berre er tilfeldig - eg har ikkje sterk nok tru til det.
Eg trur det står ein mesterhjerne bak dette mesterverket.

For me er Hans mesterverk, skapte i Kristus Jesus...
Ef.2.10

onsdag 1. oktober 2008

Heim, kjære heim

Eg har nett vore ei helg i Oslo, og treft gamle, kjære vener. Og sjølv om det har vore ei fantastisk helg der eg har fått oppdateringar på kva som skjer i Oslo, og fått fortalt om alt som skjer i mitt liv, er det veldig godt å vere heime att. Ein av tingene eg fant ut i Oslo, er at det verkeleg er her på Frekhaug eg høyrer til. Det same kjende eg når eg var i Haugesund tidlegare ei helg. Og det er utruleg godt å vite at ein er på riktig stad. På rett stad, til rett tid, med rett motiv. Tenk kor fantastisk det er. Kjensla av at her høyrer eg til. Her er min heim. Både den åndelege og den fysiske.

Det er mange som ikkje skjønar at eg vil bu så langt ute, så langt frå skule, frå byen, osv. Nokon har hinta til at det må vere ein gut her ute om eg flytta for, men trass det førreinnlegget mitt var det ikkje difor eg flytta ut hit. Det er berre ein bonus. Eg bur her på Frekhaug fordi eg trivst her. Fordi eg kjenner meg heime her, i Betel, og på staden generelt. Eg skal ikkje lata som om det berre er lett å bu så langt ute, med så få ungdommar på min alder rundt omkring osv. Men Gud er med meg. Timane på bussen er timar då eg får tenkja og be, og då Gud får tala til meg.

For ei stund tilbake vart eg minna på bibelversa i Jes.43.18-19:
Tenk ikkje på det som hende før, gjev ikkje akt på det som ein gong var!
Sjå, eg skapar noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka, og stigar i den aude hei.

Det er ord som talar rett til meg. Om at det er Gud som har lagt min veg ut her, i staden for inn i byen. Og han lovar at det skal gro fram nye ting, det skal ikkje vera som førre gang eg budde her. Faktisk treng eg ikkje tenka på det som hende då. Gud skapar noko nytt! I mitt liv, og på Frekhaug. Tenk at eg får vera del av Guds plan her ute. Eg synest det er fantastisk. Og då tålar eg å reisa langt for å treffa vener og for å gå på skule. Gud har lagt min veg ut her, og eg vil følgja i Hans fotefar. Det er her eg finn freden Hans. Det er her eg kjenner Han vil at eg skal vera. Det er her eg vil tjena Herren.

Som ei som haldt eit seminar i Oslo sa:
Vi skulle bu i stillheita, der Gud er, og vitja travelheita,
ikkje motsatt.

Takk Gud, at eg får lov til å bu der eg kjenner eg trivst best! Takk at får lov til å gå i dine fotefar!