Sit og tenkjer på ein samtale eg hadde i går, om korleis livet av og til kan vere litt tøft. Men at Gud ALLTID er med oss. Viss me kjenner oss åleine og einsame seier Han at Han alltid er med oss, inntil verdas ende (matt.28.20) og viss me er redde seier Han at me treng ikkje frykta, for Han er med oss (Jes.41.10). Tenkjer me at me ikkje er verd noko seier Han at me er dyrebare og høgt elska (Jes.43.4).
Så tenkte eg på kva Jesus sa at hans oppgåve her på jorda var. Me tenkjer ofte at Han kom for å frelsa oss, men Han kom jo for å gjere mykje meir enn det. La dette synkje inn, og tenk over kva det betyr for ditt liv:
Herrens Ande er over meg;
for Herren Gud har salva meg.
Han har sendt meg til å forkynna
ein gledebodskap for armingar,
til å lækja dei som har eit knust hjarta,
til å ropa ut fridom for fangar
og frigjering for dei bundne.
Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,
ein dag med straff frå vår Gud.
Eg skal trøysta alle som syrgjer,
og gje dei syrgjande i Sion
hovudprydnad i staden for oske,
gledeolje i staden for syrgjeklede
og lovsong i staden for motløyse.
(Jes.61.1-3)
Eg trur Gud vil visa oss meir av dette i tida framover, på Ablaze-helga her i Betel, og ellers. Og eg gler meg til å sjå det. Både i mitt eige liv, og i alle de andre sitt liv. Ka me deg? Gler du deg?