Viser innlegg med etiketten sjukepleie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjukepleie. Vis alle innlegg

laurdag 31. januar 2009

Wow...

Wow.. det er tanken om den siste veka. Det har riktignok ikkje skjedd så mykje, men eg kjenner eg har strekt meg. I går kveld hadde eg talen på Ablaze, ungdomsmøtet på Betel. Og sjølv om eg har haldt vitnesbyrd før (til og med for opp mot 1000 stk), og eg har leda møter, og eg har lest eigne dikt sjølv, så har eg aldri haldt ein tale. Så for meg var det eit stort skritt. Så til folk i Oslo kan eg sei at sjølv om eg ikkje lenger er på FBO og får undervisning og utfordringar der, så får eg nok av utfordringar her. Eg har ein god ungdomsleiar som sørgjer for at eg ikkje kjem til å stagnera. Takk, Linn.

For dei som ikkje var på Betel, talte eg om å bruka tid med Jesus - Han vil nemlig bruka tid med deg. Og ikkje berre ein dag i veka, men kvar dag. Jesus kaller seg vår brudgom. Ein brudgom er ikkje fornøgd med å vere med brura si ein dag i veka. Han vil vere med henne heile tida. Han vil ha eit intimt forhold. Og det vil Jesus òg. Han vil snakka med oss, høyra korleis me har det, fortelja at han elskar oss.

Dette er det eg har tenkt på dei siste dagane. Og det har fått meg til å bli endå meir ivrig i mitt orhold til Jesus. I går morges (eg hadde studiedag), brukte eg ein time til å lovsyngja Gud. Ein av dei tingene eg savnar frå FBO. Det er ein så herleg måte å starta dagen på.

Elles denne veka har eg vore med på å starta opp ei ny bibelgruppe, for nokre av dei yngre jentene i Betel. Det å skulle vera leiaren deiras utfordrar meg også. Men det blir bra! Eg diggar den gjengen, og gler meg til å bli betre kjend med dei.

No er det helg att, eg prøver å lese litt på sjukdomslæra, men kjem nok mest til å slækka i dag. Dessutan får eg besøk får ei kusine seinare i kveld, så må jo rydda litt og sånn før det..

For å summera opp: Veka mi har vore bra, denne dagen er bra, og helga blir bra. Livet mitt er rett slett bra! Close to perfect.. Gud velsigne dykk..

tysdag 11. november 2008

Frustrasjon!

Eg har cirka to veker på meg til å skriva ei oppgave om noko innan generell sjukepleie. Og eg anar framleis ikkje kva eg skal skriva om! Kvifor er det sånn at når du kan velga mellom så og sei alt, så klarar du ikkje å finna på noko i det heile tatt som interesserer deg? I alle fall har eg det sånn akkurat no.

Og så har du sjølvsagt spørsmålet om kva som er generell sjukepleie. Er psykisk helsevern generelt eller spesielt? Og kva med medisiner og sånt? Det har me ikkje lært nokonting om ennå. Så det kan eg vel eigentleg ikkje velga. Eg prøvar å spørja meg sjøl kva eg kan noko om, men akkurat no kjem eg ikkje på nokon ting. Ingen verdens ting.

Og som sagt, eg har to veker på meg. Og i løpet av dei vekene skal eg også vere med å arrangere Ablaze-helg på Betel, jobbe to dagar og diverse anna. Det verkar som om lærarane trur me ikkje har noko liv utanom skolen, men det har me jo faktisk. Eg har hvert fall det, skal ikkje uttala meg for andre, men...

Nei. Tilbake til søkinga etter noko interessant og enkelt å skriva om. Du må gjerne gje meg ein kommentar med eit forslag viss du vil.. ;)