onsdag 1. oktober 2008

Heim, kjære heim

Eg har nett vore ei helg i Oslo, og treft gamle, kjære vener. Og sjølv om det har vore ei fantastisk helg der eg har fått oppdateringar på kva som skjer i Oslo, og fått fortalt om alt som skjer i mitt liv, er det veldig godt å vere heime att. Ein av tingene eg fant ut i Oslo, er at det verkeleg er her på Frekhaug eg høyrer til. Det same kjende eg når eg var i Haugesund tidlegare ei helg. Og det er utruleg godt å vite at ein er på riktig stad. På rett stad, til rett tid, med rett motiv. Tenk kor fantastisk det er. Kjensla av at her høyrer eg til. Her er min heim. Både den åndelege og den fysiske.

Det er mange som ikkje skjønar at eg vil bu så langt ute, så langt frå skule, frå byen, osv. Nokon har hinta til at det må vere ein gut her ute om eg flytta for, men trass det førreinnlegget mitt var det ikkje difor eg flytta ut hit. Det er berre ein bonus. Eg bur her på Frekhaug fordi eg trivst her. Fordi eg kjenner meg heime her, i Betel, og på staden generelt. Eg skal ikkje lata som om det berre er lett å bu så langt ute, med så få ungdommar på min alder rundt omkring osv. Men Gud er med meg. Timane på bussen er timar då eg får tenkja og be, og då Gud får tala til meg.

For ei stund tilbake vart eg minna på bibelversa i Jes.43.18-19:
Tenk ikkje på det som hende før, gjev ikkje akt på det som ein gong var!
Sjå, eg skapar noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka, og stigar i den aude hei.

Det er ord som talar rett til meg. Om at det er Gud som har lagt min veg ut her, i staden for inn i byen. Og han lovar at det skal gro fram nye ting, det skal ikkje vera som førre gang eg budde her. Faktisk treng eg ikkje tenka på det som hende då. Gud skapar noko nytt! I mitt liv, og på Frekhaug. Tenk at eg får vera del av Guds plan her ute. Eg synest det er fantastisk. Og då tålar eg å reisa langt for å treffa vener og for å gå på skule. Gud har lagt min veg ut her, og eg vil følgja i Hans fotefar. Det er her eg finn freden Hans. Det er her eg kjenner Han vil at eg skal vera. Det er her eg vil tjena Herren.

Som ei som haldt eit seminar i Oslo sa:
Vi skulle bu i stillheita, der Gud er, og vitja travelheita,
ikkje motsatt.

Takk Gud, at eg får lov til å bu der eg kjenner eg trivst best! Takk at får lov til å gå i dine fotefar!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Spennende, Stine!
kult at du har fått en "bekreftelse" på at det er der du skal være:)

fortsett å gå med Gud, og oppdater med stil;)
om ingen andre leser og kommenterer, så gjør hvertfall jeg det! og du skal vite, at jeg er innom bloggen din ofte, for å se om du oppdaterer;)

p.s. jeg veit jeg er dårlig til å oppdatere, forresten...:P

Silje sa...

Stine, for eit herlig innlegg! Det traff hjerta mitt!
Det gleder meg at Gud bekrefter at du skal vera på Frekhaug.
Når eg las dette så blei eg mint på kor viktig det er å takke Gud for alt Han gjer i livet mitt.

Eg kjem til å titte innom bloggen din for å sjå korleis det går med deg=)
Siljeklem

Sille sa...

Hehe, jeg har skrevet et lignende innlegg en gang, men det gikk fullstendig i mot det du skrev. Men jeg er enig, man skal bo der man finner seg.. :)