fredag 5. desember 2008

tilgjeving

Det er på tide med ein litt personleg blogg. Eg meiner, viss de skal få eit innblikk i korleis livet mitt er, så må det av og til verta personleg. Reknar med at de taklar det???

Denne hausten har det vore mange, og til dels store og litt vanskelege tankar som har surra oppe i mitt hovud. I kveld vil eg skriva om dei som handlar om å tilgje. Kan jo berre nemne at grunnen til at desse tankane har kome opp, nok er at eg tilbake på ein stad der eg har mykje fortid, og ikkje all er god. Som ein del av den "ukule" gjengen på ungdomsskulen vart eg såra av fleire. Bevisst eller ubevisst frå deira side, men det spear eigentleg ikkje så stor rolle. Når eg flytta tilbake var eg klår over at eg kom til å måtte tilgje nokre personar, skulle eg klara å bli vener med dei att. Og det gjekk for så vidt greitt. Heilt til eg møtte på personar eg inst inne hadde håpa hadde flytta herfrå, så eg sleppte å møta dei att. Plutseleg måtte eg omgås personar eg inst inne ikkje ønskja å tilgje.. Litt verre å koma over den, men det går seg til. Eg har vel eigentleg tilgjeve den personen eg tenkjer på. Eg har berre ikkje noko ønskje om å bli vener med dette mennesket.

Det verkelege probemet, som har gjort dette til ei lang, lang tankjerekke, er at eg plutseleg skjøna at eg også måtte tilgje meg sjølv! Og det er vanskeleg. Sjukt vanskeleg. Andre kan på ein måte unnskyldast. For meg sjølv har eg inga unnskyldning. Eg veit at det eg gjorde, det gjorde eg med vilje. Og eg visste at det ville gjera vondt. Eg fortener ikkje tilgjeving. Eg fortener ikkje kjærleik og nåde.

Likevel veit eg at eg må tilgje meg sjølv òg. Gud har tilgjeve meg. Han har nåde nok for meg. Han lot Jesus ta straffa mi. Vil eg prøve å ta opp konkurransen med Jesus? Ta straffa som Gud gav han? Nei. Men det er eg som fortener den. Vanskeleg. Heldigvis vil Jesus hjelpa meg med dette. Eg treng ikkje gå gjennom det åleine. Dessutan har eg min Betel-familie. Trur meir og meir at grunnen til at Gud drog meg attende hit, er at eg treng Betel akkurat no, meir enn at Betel treng meg.

Oppfordringa eg vil gje til alle: Ta eit oppgjør med deg sjølv! Har du skuldkjensle for noko du har gjort mot dykk sjølv eller mot andre? Tilgje deg sjølv! Bekjenn syndene dine, og be om tilgjeving. Gud kan ikkje verka heilt i deg, før du gjev han denne biten òg. Og viss du held tilbake, vert faktisk Gud lei seg. Han straffa faktisk sonen sin for at du skulle sleppa denne straffa, og så vel du likevel og straffa deg sjølv? Då døydde Jesus forgjeves. Vil du det?

Eg seier ikkje at dette er lett. Eg slit framleis med det, og er på inga måte i land. For meg er dette ein prosess som eg ikkje veit kor lang tid vil ta. Men eg har i alle fall byrja! Og Gud vil hjelpa meg å fullføra han. Og Han vil hjelpa deg.. Viss du berre lèt han gjera det...

Ingen kommentarer: