Det er søndag, klokka er halv fire, og det er på tide å oppsummere helga. Og den har vore fantastisk! Det byrja på fredag med Betel Ten Klubb, der Helene hadde andakt, om at alt er tomhet under sola. I denne verda er alt berre tomhet, for å finna meininga med livet må du gå utanfor denne verda, til Gud, som er større enn verda, som eksisterer før verda var til, og som er den einaste som kan gje fullkomen lukke.
Etter BTK, som sluttar altfor tidleg på kvelden til å leggja seg, såg eg film. Stolthet og Fordom. No skal eg ikkje påstå at Mr. Darcy er perfekt, men han er ein god mann. Men no har eg ikkje tenkt å koma med ein "eg er 20 år og er framleis singel..." klaging.. Det gjer meg faktisk ingenting. Eg er nøgd med livet. Og trass alt, eg er ikkje åleine, Gud er med meg. Og når tida er inne vil han nok gje meg ein å dela livet med og.. Eg treng det ikkje endå.. Romantiske filmar er likevel alltid kjekke!
Laurdag slappa eg av litt, las litt og så vidare.. Og lagde cookies! Dei vart ikkje heilt perfekte, men til å vere fyrste forsøk var dei greie. Og så spiste eg ris og kylling i sursøt saus hos Linn og Ingunn. Og Linn og meg avslutta kvelden med å køyra til Osterøy for å vitja gjengen som var på 18+ leir. Utruleg gøy å overraska dei! Og det var eit fantastisk bra møte me fekk vera med på! For ikkje å snakka om underhaldninga med Steinar etterpå.
Det kjekkaste var likevel praten Linn og meg hadde i bilen til å frå Raknestunet. Om gutar, draumar, Gud, familie og slekt, Betel, talar og mykje mykje meir.
Og no er det søndag. Eg har vore på møte i Betel, med barnevelsigning. Det er alltid så koseleg å be for ei lita jente eller ein liten gut. Dei er så utruleg søte! Og nei, eg har ikkje lyst på ungar endå, men om nokon gode vener får ungar, hadde det ikkje gjort meg noko å sitja barnevakt innimellom.. =) Uansett, no skal eg berre slappa av resten av dagen. Eller kanskje eg skal spilla volleyball med Linda og Tonje og folk.. Me får sjå kva som skjer.. Ha ein fin dag!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar