Når eg tenkjer over det, så mista eg vel eigentleg kontrollen når eg gjekk på FBO. Så mykje skjedde i mitt liv, at det forandra heile meg...
Nei...
Gud forandra meg. Han gav meg eit nytt liv. Men samstundes så fekk han kontrollen. Og dei siste vekene har han vist det ganske så tydeleg.
Det forrige innlegget mitt handla om talen eg heldt på Ablaze. Bibelgruppa eg og Linn starta opp. Elles hadde eg eitt innleiingsord på møtet forrige søndag, og eg skal leda familiemøtet no på søndag. Og det er berre ting som har med Betel å gjere! Dei siste vekene har eg rett og slett fått masse utfordringar, som eg sjølvsagt har valgt å ta. Det er tross alt på utfordringar du veks!
Men samtidig som det sjølvsagt er gøy, litt slitsomt, men mest gøy, så føler eg meir og meir at eg mister kontrollen. Kva skjer med meg? Kva vil skje med mitt liv? Kor leiar Han meg? Så mange spørsmål, og så få svar.
Men trass i alt - kanskje eg ikkje treng alle svara. Eg høyrte ein gong ein song som festa seg. Koret går slik:

All that I need to know for tomorrow
All that I need to know for today
Is that you'll be with me each moment
Holding me close to You, every step of the way
Kanksje det heldt å vita at Han held meg i si hand. Kanskje det heldt å vita at ein som er større, sterkare og visare enn meg, har kontroll. For viss eg hadde kontrollen... så ville alt vore ute av kontroll. Eg er ikkje stor nok til å halda mitt eige liv i handa mi. Eg har ikkje kontroll. Og då er eg glad eg kjenner han som har det.

2 kommentarer:
Hei!
Fin blogg du har! Gode påminnelser og kjekke oppmuntringer.
Gleder meg til å lese mer :)
Hilsen Regine
Gud har heldigvis alltid kontrollen!
love you<3
ps. jeg har forresten dedikert en oppdatering til deg;)
Legg inn en kommentar