måndag 19. januar 2009

Et land langt mot nord

Folk har etterspurt fleire dikt her på sida mi, så no kjem eit nytt. Dette vart skriven på toget på veg over fjellet, frå Oslo til Bergen sist helg.

Et land langt mot nord

I et land langt mot nord
Hvor bjørn og rev og reinsdyr bor
Hvor elvene er villere enn ulv
Himmel er tak og havet er gulv

I et land der skogen altid er grønn
Hvor vinden roper ut sin bønn
Hvor fjellene rake som konger står
Majesteter i landskapet år etter år

I et land der havet mot berget slår
Hvor fjordene langt inn i fjellene går
Hvor fossene buldrer som drager
Kalde netter og gode dager

I et land hvor sneen faller djup
Hvor landskapet kler seg i dronningsskrud
Hvor naturen lovsynger skaperen sin
Der er den verden jeg kaller min



Kva kan eg sei? Gud skapte Norge vakkert. Og det er dette landet eg er født og oppvokst i, det er dette landet eg har lært å elska. Her er min heim. Her er mi verd.

søndag 11. januar 2009

Oslo!

No er eg i Oslo, på det vakre rommet til Wenche på Risløkka.. Å kor deilig det er å vera tilbake! Alt frå Ungfila, å vera ute på byen å dela ut kaffi, drøsing med Wenche og Bente, kvelden med vener.. Alt saman er berre fantastisk. Og det kjennest ikkje rart, men heilt naturleg å vere tilbake. Sjølvsagt kjenner eg meg ikkje heilt heime i Filadelfia, eg vil alltid berre vere ein gjest der, men det er jo godt å vere der. Og det er godt å sitja og ta imot for ein gongs skuld. Sleppa å tenkja at eg er ledar og at eg må vere klar for å gje, viss det trengs. Ikkje misforstå, eg stortrivst i Betel, men det er godt med litt fri.

Elles har eg altså vore med ut på gata og delt ut kaffi, hovudsakleg til de narkomane på Oslo S. Og det kjentes bra å få vere med å gjere noko, i staden for å berre snakke om å gjere noko. Og så var me på taco-kveld hos Iris, saman med mange andre frå gamleklassen, pluss nokre andre. Og det var herleg å sjå Iris, Dina, Stina og alle dei andre att. Sjølv om eg ikkje saknar Oslo by, saknar eg venene mine.. 

I morgon skal eg vere med gjengen på skulen, treffa lærarar og dei fra Next Level eg endå ikkje har truffe. Gler meg! Men fyrst skal me på kafé (tullins, sjølvsagt) og Møtepunkt. Så no må eg gå å gjera meg klar.. ;)

laurdag 3. januar 2009

2009

I dag er det den første lørdagen i 2009. Eg tenkte det var på tide å skriva ned nokre tankar om det nye året. Nyttårsforsetter og slikt. For dei må ein jo ha, sjølv om dei færraste blir haldt. I år satsar eg som så mange andre på dei tradisjonelle forsetta, som å trena meir, eta sunnare, mindre godteri og slikt.. Så får ein sjå kor lenge det heldt.

I det store og heile trur eg ikkje sånne småting er så viktige. Om eg tar av eller legg på meg nokre kilo dette året, så er det tross alt ikkje så viktig. Sjølv om eg sjølvsagt foretrekk det første. Det viktigaste dette året som dei førre, er Jesus. Og det viktigaste eg kan gjera dette året, er å følgja han. Å leva nært Han. Og det planlegg eg å gjer i 2009. Og det beste er at dette er eit nyttårsforsett eg for guddommelig hjelp til å halda! Det er ikkje berre eg som vil leva nært Jesus, han vil også leva nært meg. Og difor held han meg nær seg, og gjer det lettare for meg å halda meg nær han. Eit fantastisk prinsipp.

Eg trur Gud har store planar for dette året. Ikkje berre med meg og mitt liv, men med Frekhaug, Norge, verden.. Og det er opp til oss om me vil følgja.

tysdag 23. desember 2008

Kongen kom til Jord!

Eg vil ønskja alle ei velsigna julehøgtid,
og vel å gjere det med eit juledikt eg skreiv i fjor:

Kongen kom til jord

Kongen kom til jord
I Betlehem, i julenatt
Han føddest i ein stall
Vår alle største skatt

Kongen kom som barn
Så liten og svak og sårbar
Avhengig av andre
Han som Gudeson var

Kongen kom oss nær
Han blei som ein av alle oss
Møtte oss der me var
Og døydde på ein kross

Kongen kom til jord
Eit barn og ein son er oss gitt
Herredømet er Hans
Guds rike er blitt ditt

(c) Stine Hølleland

laurdag 20. desember 2008

Juleferie!

No har eg endelig fått juleferie. Har fått svar på alle oppgåver unntatt ei, og så langt ser det ut til at eg kjem til å stå. Så då slepp eg å uroa meg for det i ferien.

I går hadde me juleavslutning på Ablaze, ungdømsmøtet til Betel. God mat (les: grøt), fine klede (og gutar i dress er jo alltid kjekt), god underholdning og julesongar. Me hadde det veldig kjekt. I alle fall hadde eg det. Særleg bra var kanskje damenes og herrenes tale. Takk til Helene og Morgan. Me jenter fekk blant anna høyra at det finnes dyktige kvinner - det står til og med i bibelen (Ords. 31.29). Og at me er fine, både med vanlige klede, og når me er festpynta. Alltid kjekt å høyra slike ting =) Ein anna ting som må nemnast er Tore's hotte sjekketips for 2009. Nr.5 var spesielt god, skjønt kanskje litt vel rett på: "Fine sko. Skal vi gifte oss?" Sjølsikkerheita til den som bruker den linja er det i alle fall ikkje noko gale med...

No er eg heime i Haugesund, og skal på julebord med Connection Haugesund snart. Gler meg veldig til å treffa alle mine kjekke Haugesundsvener att. Og det skadar ikkje med endå ein kveld med gutar i dress.. =) Elles høyrer de vel frå meg att snart, men i mellomtida: God jul!

laurdag 13. desember 2008

Denne veka har vore spesiell. Fyrst dreiv eg å leste masse til ein praktisk test eg hadde på onsdag, som eg må bestå før drar ut i praksis. Og det gjekk heldigvis heilt greit. Så fekk eg ein skikkeleg julemiddag oppe på øvre moldekleiv: Pinnekjøtt. Deilig å ha ein reservefamilie. :)

Men det er ikkje det som har opptatt tankane dei siste dagane. Eg fekk høyra noko om ein person her ein dag, som eg aldri hadde trudd. Det på ein måte forandra heile mitt syn på denne personen. Alt eg har tenkt, må revurderas. Heldigvis til det positive. Men det har fått meg til å tenkja at alt ikkje alltid er som det ser ut. Folk er ikkje som det ser ut. Og at me ikkje bør døma folk, dei kan ha grunnar for å gjera det dei gjer, som me ikkje ser.

Det siste eg vil sei, er at eg har lært at Gud er god. Han veit alt og kjenner alle. Men hadde eg fått vita det eg no veit for eit halt år sidan, hadde eg kanskje reagert annleis på det enn det eg gjer no. Så hans plan er best. Og om Han seier at eg må ha tålmod, vente litt til, så er det det beste. Gud er god.

fredag 5. desember 2008

tilgjeving

Det er på tide med ein litt personleg blogg. Eg meiner, viss de skal få eit innblikk i korleis livet mitt er, så må det av og til verta personleg. Reknar med at de taklar det???

Denne hausten har det vore mange, og til dels store og litt vanskelege tankar som har surra oppe i mitt hovud. I kveld vil eg skriva om dei som handlar om å tilgje. Kan jo berre nemne at grunnen til at desse tankane har kome opp, nok er at eg tilbake på ein stad der eg har mykje fortid, og ikkje all er god. Som ein del av den "ukule" gjengen på ungdomsskulen vart eg såra av fleire. Bevisst eller ubevisst frå deira side, men det spear eigentleg ikkje så stor rolle. Når eg flytta tilbake var eg klår over at eg kom til å måtte tilgje nokre personar, skulle eg klara å bli vener med dei att. Og det gjekk for så vidt greitt. Heilt til eg møtte på personar eg inst inne hadde håpa hadde flytta herfrå, så eg sleppte å møta dei att. Plutseleg måtte eg omgås personar eg inst inne ikkje ønskja å tilgje.. Litt verre å koma over den, men det går seg til. Eg har vel eigentleg tilgjeve den personen eg tenkjer på. Eg har berre ikkje noko ønskje om å bli vener med dette mennesket.

Det verkelege probemet, som har gjort dette til ei lang, lang tankjerekke, er at eg plutseleg skjøna at eg også måtte tilgje meg sjølv! Og det er vanskeleg. Sjukt vanskeleg. Andre kan på ein måte unnskyldast. For meg sjølv har eg inga unnskyldning. Eg veit at det eg gjorde, det gjorde eg med vilje. Og eg visste at det ville gjera vondt. Eg fortener ikkje tilgjeving. Eg fortener ikkje kjærleik og nåde.

Likevel veit eg at eg må tilgje meg sjølv òg. Gud har tilgjeve meg. Han har nåde nok for meg. Han lot Jesus ta straffa mi. Vil eg prøve å ta opp konkurransen med Jesus? Ta straffa som Gud gav han? Nei. Men det er eg som fortener den. Vanskeleg. Heldigvis vil Jesus hjelpa meg med dette. Eg treng ikkje gå gjennom det åleine. Dessutan har eg min Betel-familie. Trur meir og meir at grunnen til at Gud drog meg attende hit, er at eg treng Betel akkurat no, meir enn at Betel treng meg.

Oppfordringa eg vil gje til alle: Ta eit oppgjør med deg sjølv! Har du skuldkjensle for noko du har gjort mot dykk sjølv eller mot andre? Tilgje deg sjølv! Bekjenn syndene dine, og be om tilgjeving. Gud kan ikkje verka heilt i deg, før du gjev han denne biten òg. Og viss du held tilbake, vert faktisk Gud lei seg. Han straffa faktisk sonen sin for at du skulle sleppa denne straffa, og så vel du likevel og straffa deg sjølv? Då døydde Jesus forgjeves. Vil du det?

Eg seier ikkje at dette er lett. Eg slit framleis med det, og er på inga måte i land. For meg er dette ein prosess som eg ikkje veit kor lang tid vil ta. Men eg har i alle fall byrja! Og Gud vil hjelpa meg å fullføra han. Og Han vil hjelpa deg.. Viss du berre lèt han gjera det...