onsdag 26. november 2008

Sjuklingens liv dei siste dagane...

Eg er sjuk. Tippar at eg har minst 39 i feber. Eg har ligget på sofaen meir eller mindre heile dagen. Med nokre små turar inn på badet innimellom, etterfølgt av massiv hoste. Eg har masse klede på meg, og i tillegg teppe og ei sommardyne. Og likevel får eg feberfrysningar. Men det verste er moglegvis at eg er åleine. Det er så utruleg kjedelig. Ingen som kan dulla med meg. Eg ringte mamma, og ho sa at eg kunne jo koma heim i helga, viss eg framleis er sjuk då, men eg håpar verkeleg eg er frisk til då. Men me får sjå.
Elles kjem ei listeoppdatering på kva som har skjedd i det siste:

  • Eg har endeleg klart å få ferdig den ekstremt frustrerande oppgåva som eg har slitt med eit par veker. Og eg har fått levert den. No gjenstår det berre å be om at eg står.
  • Me hadde ungdomshelg i Betel i helga: Fleire vart frelst, blant anna ein gut som har vore langt ute på kjøret, som kyrkjelyden har bedt for lenge no.
  • Min fantastiske bror, med lovsongsteamet han spelar i, var her og deltok i helga. Det var veldig kjekt å treffa nokre vener frå Hgsd att.
  • Ei lita nyfødt jente som har vore veldig sjuk og vart sendt til rikshospitalet i Oslo, legne synest det var veldig vanskelig, som me har bedt masse, masse for, er blitt frisk att! No er ho heime her på Frekhaug, og ho ler!
  • Det har vore masse snø her i nokre dagar, men no er den vekk.
  • Eg aka i snøen, oppe på Moldekleiv. Og eg såg sannsynlegvis utruleg elegant og fortryllande ut i kjeledressen eg låna av Harald.. ;)
  • Gud har vist meg eit par ting frå fortida mi som eg må verta ferdig med. Trur eg er klar for å gå vidare no.
  • Eg har funne ut at Jesus ikkje berre er vår bror, men vår brudgom! Vår elskar. Og han vil visa det. He wants to romance us.

Livet er trass alt godt. Sjølv om eg er sjuk. Men det hadde jo ikkje skada å verta frisk.Uansett, som eg skreiv i førre innlegg; mirakla skjer! No har me fått sett det i vår eige kyrkjelyd. Gud er God!

måndag 24. november 2008

Småtanker

Det er to ting eg vil skrive litt om i dag.
Det første er at eg føler eg lever i eit vintereventyrland. Det er nesten som om eg forventar at ein frekk og freidig snømann som spør meg om eg er gift og tar ein dans med meg. Eller at det skal koma hest og kjerre rundt svingen. Eller a det skal koma ei gamal, krokete dame som sel julenek og vil ha gullhjarta mitt i betaling. Eller kanskje eg møter ein (eple)kjekk prins og to kameratar som skulker skolen.. For ikkje å nemne rødnisser som nisser det dei kan for å verta langluenissar. Det er verkeleg magisk ute for tida. For ei vestlandsjente som meg, som er vant med grått slaps og regn og vinteren, så er det magisk. Eller betre: Guddommelig.

Den andre tingen eg må få skriva, er at mirakler endå skjer. Nokre gonger er dei små, som når ei dame spurte om eg ville sitja på då eg gjekk langs vegen i dag. Sparte vel ein halvtimes frysing på det. Eller dei kan vere større, som når Gud fortel meg at Han elskar meg, sjølv om eg ikkje fortener det. Som når Han hjelper meg til å bli ferdig med fortida mi, og seier at han ikkje er interessert i den, men i framtida mi. Som når Han forandrar kursen vår.
Og dessutan: englar finnest! Eg er litt inspirert av det fantastiske tv-programmet Touched by an Angel i akkurat dette, men eg trur englar finnest i røyndomen og. Kanskje me ikkje ser dei så tydeleg her, men det tydar ikkje at dei ikkje er her. Eg trur dei passar på oss og hjelper oss. Guds tenarar. Kvifor skulle ikkje min Pappa sende ein av sine tenarar for å hjelpe meg? Eg meiner, Han er ikkje ein egoistisk Pappa, så kvifor skulle han ikkje late tenarane hjelpa borna sine òg?
Dagens tips: Sjå "Testify to Love" med Wynonna Judd på Youtube. Sterkt. http://www.youtube.com/watch?v=eWYn2k4IaPY

torsdag 13. november 2008

Gledesbodskap

Sit og tenkjer på ein samtale eg hadde i går, om korleis livet av og til kan vere litt tøft. Men at Gud ALLTID er med oss. Viss me kjenner oss åleine og einsame seier Han at Han alltid er med oss, inntil verdas ende (matt.28.20) og viss me er redde seier Han at me treng ikkje frykta, for Han er med oss (Jes.41.10). Tenkjer me at me ikkje er verd noko seier Han at me er dyrebare og høgt elska (Jes.43.4).

Så tenkte eg på kva Jesus sa at hans oppgåve her på jorda var. Me tenkjer ofte at Han kom for å frelsa oss, men Han kom jo for å gjere mykje meir enn det. La dette synkje inn, og tenk over kva det betyr for ditt liv:

Herrens Ande er over meg;
for Herren Gud har salva meg.
Han har sendt meg til å forkynna
ein gledebodskap for armingar,
til å lækja dei som har eit knust hjarta,
til å ropa ut fridom for fangar
og frigjering for dei bundne.

Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,
ein dag med straff frå vår Gud.
Eg skal trøysta alle som syrgjer,

og gje dei syrgjande i Sion
hovudprydnad i staden for oske,
gledeolje i staden for syrgjeklede
og lovsong i staden for motløyse.

(Jes.61.1-3)

Eg trur Gud vil visa oss meir av dette i tida framover, på Ablaze-helga her i Betel, og ellers. Og eg gler meg til å sjå det. Både i mitt eige liv, og i alle de andre sitt liv. Ka me deg? Gler du deg?

tysdag 11. november 2008

Frustrasjon!

Eg har cirka to veker på meg til å skriva ei oppgave om noko innan generell sjukepleie. Og eg anar framleis ikkje kva eg skal skriva om! Kvifor er det sånn at når du kan velga mellom så og sei alt, så klarar du ikkje å finna på noko i det heile tatt som interesserer deg? I alle fall har eg det sånn akkurat no.

Og så har du sjølvsagt spørsmålet om kva som er generell sjukepleie. Er psykisk helsevern generelt eller spesielt? Og kva med medisiner og sånt? Det har me ikkje lært nokonting om ennå. Så det kan eg vel eigentleg ikkje velga. Eg prøvar å spørja meg sjøl kva eg kan noko om, men akkurat no kjem eg ikkje på nokon ting. Ingen verdens ting.

Og som sagt, eg har to veker på meg. Og i løpet av dei vekene skal eg også vere med å arrangere Ablaze-helg på Betel, jobbe to dagar og diverse anna. Det verkar som om lærarane trur me ikkje har noko liv utanom skolen, men det har me jo faktisk. Eg har hvert fall det, skal ikkje uttala meg for andre, men...

Nei. Tilbake til søkinga etter noko interessant og enkelt å skriva om. Du må gjerne gje meg ein kommentar med eit forslag viss du vil.. ;)

onsdag 29. oktober 2008

Vakker, nydeleg, captivating

Det snødde i går. Og snøen låg på fjella og i skuggane der sola ikkje nådde fram. Og endå ein gong vart eg minna på kor vakkert det er rundt oss. Eg er riktignok ei sommarjente, og ser ikkje heilt fram til vinteren, men det er nydeleg når verda er dekka av eit lag med kvit, rein snø. Alt skapte han fagert i si tid (pred.2.11) Som ein kompis av meg har uttrykt det: Klarer du å se for deg et sted hvor årstidene er mer åpenbare enn noe annet sted i verden? Hvor våren, sommeren, høsten og vinteren eksponeres til det maksimale og stadig forandrer landets fasade? (http://www.sindresnotebook.blogspot.com/) Predikanten fortset: Jamvel æva har han lagt i hjarta deira. Men dei skjønar ikkje det verk som Gud har gjort frå fyrst til sist. Og det er sant. Eg fattar i alle fall ikkje alt. Men det eg ser meir og meir, er at Gud skapte alt vakkert for oss. Han vil at me skal sjå det vakre, i skaparverket, i Han. Og ikkje minst i oss sjølve.

Har akkurat byrja å lesa ei bok som heiter "Captivating" av Stasi og John Eldredge. Og ja, eg les bøker på engelsk. Den handlar blant anna om kvinnens skjønnhet. (Trur det faktisk er den norske tittelen). Og dei framhev det at kvinnen vart skapt i Guds bilete, som eit uttrykk for det vakre i Guds vesen. Og eg seier ikkje at det gutane ikkje er vakre, men eg trur det er noe i det at dette gjeld først og fremst jentene. Og litt av grunnen til at eg trur dette, er det massive angrepet mot skjønnheten i jenter. opp i gjennom historia har jenter alltid vorte angrepe på dette. Alltid er det noko, eller nokon, som seier at me ikkje er vakre nok. At me skulle vore meir. eller mindre. Me er aldri god nok, vakker nok, som me er. Og gutane har nok vore ein del av det. Av og til utan å vita det, av og til veldig vitande. Men likevel, me jenter må nok sjølv ta på oss storparten av skulda.

Kvifor er det sånn at nokon blir sett på som vakre, og nokon ikkje? Kvifor er alle damene på tv tynne damer utan noko ekstra fett? Er det det som er vakkert? Mika har ein sang som heiter "Big girls, you are beautiful". Eg slår eit slag for den. For alle jenter faktisk. Me er alle skapt i Guds bilete. Uansett korleis me ser ut. Og no vil eg ikkje komma me ein klisjè om at det er personlegheita som er det vakraste, eller at det kun er det som er i Guds bilete. Eg trur at kroppen vår og er vakker. Nydeleg. Akkurat som den er. Stor, liten, høg, lav, blond, brunette, svart, kvit - det speler ingen rolle. Beautiful comes in all sizes.

Du er vakker! Som du er. På same måte som naturen fortel oss at Gud er vakker, fortel du det! Du er det ultimatet beviset på Guds skjønnhet. Synes dunaturen er vakker? Sjå på deg sjølv i speglet. Du er sååå mykje vakrare! Sei det. Tru på det. Lev det!

DU ER VAKKER! NYDELEG! CAPTIVATING!

fredag 24. oktober 2008

Nærmere deg, min Gud

Mykje har skjedd i det sista, kanskje mest inne i hovudet mitt. Dei siste vekene har vore lange, kjeisame, og til tider litt vonde. Men dei har fått meg til å tenkja meir på Gud. Dei har fått meg til å innse at eg er avhengig av Han. Eg veit ikkje ein gong om eg ville vore i livet i dag, uten Han. Og likevel gløymer eg ofte å bruke tid med Han. Han som elskar meg høgare enn alle andre. Han som gav sin son for meg. Og endå ein gong blir eg minna på at det er når eg er med Han eg er lukkelegast. Det er då livet kjennest verdt å leva. Så bønen min i dag, er: Dra meg nærare deg, Gud!

Nærmere deg, min Gud, nærmere deg
om det et kors enn er, som løfter meg!
Synes meg veien trang, er det dog all min sang:
Nærmere deg, min Gud, nærmere deg!

Vandrer jeg viden om, solen går ned
mørkt blir det, kun en sten, å hvile ved

I nattens dyp til meg, finner du, Gud, din vei.
Nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Stigen jeg skuer reist, mot himlen opp.
Englene ferdes der, til høyest topp.
Nåde er all din vei, oppad den fører meg,
nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Derfor med våkent sinn, fullt av din pris,
bygger et Betel jeg, på Jakobs vis.
Alter blir stenen meg, pilgrimen takker deg:
Nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Evige Gud til deg, lengter min sjel.
Herre, du alltid er, min lodd og del.
Tung eller lett min gang, alltid det blir min sang:
Nærmere deg, min Gud, nærmere deg.
Sarah Adams

måndag 20. oktober 2008

diverse

Etter ei kjeisam og lang veke der lesing til eksamen sto i fokus, dro eg ut til Rødland med ledergjengen i Betel TenKlubb - BTK. Og me hadde ei flott helg! Mykje regn, litt morgontrim utpå laurdag ettermiddag, lasagne, ligretto og spagettitårn-bygging var nokre av ingrediensane desse fine dagane. Og ikkje minst - lovsong og prating om menighet. Om korleis menigheten ikkje er huset, men folka. For meg er Betel heimen min. Folka der er familien min.

Som sagt har eg hatt ei lang og kjeisam veke. Når ein sit åleine og les, ser på film eller på tv, så blir livet fort kjeisamt. Når venene mine i tillegg er opptatt med praksis eller andre ting, blir det fort endå verre. Til og med Gud kjentes langt borte. Eg droppa å lesa i "Bokji", tenkte at det var ikkje så viktig og at eg hadde andre, kjekkare ting å gjer. Som å se på tv. For det er jo så oppbyggande og energigivande. Nei.
Heldigvis har eg ei bibelgruppe, der vi kvar veke les eit stykke i Bibelen. Til torsdag var det 2.Petersbrev. Så torsdags ettermiddag satte eg meg til slutt ned og byrja å lesa. Og så godt det var! Så herleg forfriskande. Guds Ord er veien, sanninga og Livet.
Og etter ei fin bibelgruppe, var det altså tenklubb og helgetur. Og helga blei flott avslutta med eit møte i Betel, der Sverre Langeland tala, om Ordet Åleine.

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos.
I byrjinga var ordet, og ordet var hjå Gud, og ordet var Gud.
Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.
Han som vitnar om dette, seier: «Ja, eg kjem snart.» Amen. Kom, Herre Jesus! Herren Jesu nåde vere med alle!

PS: Angåande eksamen, så gjekk det strykande! Eller, kanskje ikkje, det vart vel meir midt på treet, men eg reknar med at eg i alle fall står. Og det er jo bra.