måndag 16. februar 2009

Lidenskap, golfballer og kaffi

Dina, dette innlegget er dedikert til deg, siden eg lova å oppdatera bloggen min.

Problemet er at eg ikkje heilt veit kva eg skal skriva om. Akkurat no er i Haugesund, prøver å lese til sjukdomslære-eksamen. Og kosar meg med venene mine også, sjølvsag. Lørdag kveld var eg på Connection, for fyrste gong i år. Og det var å gøy! Geri Myhra tala om å gjenvinna lidenskapen. Det fekk meg til å tenkja på eit sitat:
Den som er Herre over sin lidenskap, er slave under sin fornuft.
For min del vil eg heller leva livet fullt av lidenskap, enn full av fornuft. Og i tråd med mitt forrige innlegg, som handla om å la Gud ta kontrollen i livet, så må eg seie at det er jo ikkje alle av Hans planar som ser fornuftige ut frå vårt perspektiv. Heldigvis ser Gud alt frå ein litt anna vinkel, (litt meir fugleperspektiv, kanskje) og eg reknar med at det ser fornuftig ut der oppe frå.

Ellers har eg truffe gode vener att, blant andre Lisa, som går på DTS i Skien i år. Og som virkeleg har latt Gud ta kontrollen. Alltid når eg er med henne, kjenner eg at eg vert utfordra. Utfordra til å gjere det Gud kaller meg til, utfordra til å strekka meg, til å ikkje tenkja så mykje på kva andre mennesker tenkjer, men meir på kva Gud tenkjer. Og til å gje Han ære med heile meg, med alle mine talenter og med all mi tid.

Lat meg også gjengi ein historie eg Elin Myhra fortalte på familiemøtet på søndag.

Syltetøyglasset og to kopper kaffi
En dansk professor stod foran sine filosofistudenter med noen ting foranseg. Da timen begynte, tok han uten å si et ord, et meget stort og tomtsyltetøyglass fram og begynte å fylle det med golfballer. Da han hadde gjortdet, spurte han klassen om glasset var fullt, og de var enige om at det var.Så tok professoren en kasse med småstein fram, og begynte å helle dem ned iglasset. Han ristet glasset lett, så steinene fordelte seg imellom golfballene. Deretter spurte han igjen studentene om glasset var fullt, og det mente klassen at det var. Deretter tok professoren en kasse med sand fram og begynte åhelle den opp i glasset. Sanden fylte naturligvis de resterende hulrommet iglasset. Igjen spurte han om det var fullt. Klassen svarte enstemmig ja.
Til slutt tok professoren to kopper kaffe og helte dem begge ned i glasset.Hulrommet som var mellom sandkornene, ble nå effektivt fylt. Studentene lo.

"Nåvel", sa professoren, da latteren var stilnet av. "Hvis dere nå forestiller dere, at dette glasset representerer deres liv. Golfballene er de viktige ting i livet - deres familie, kjærester, barn, helse, venner og yndlingspasjoner - de ting som, selv om alle andre ting gikk tapt, og bare disse tingene var tilbake, likevel ville gjøre deres liv fullkomment. Småsteinene er de andre tingene, som betyr noe - sånn som jobb, hus, bil osv.. Sanden er alle de andre småting".

Professoren fortsatte: "Hvis dere putter sanden ned i glasset først, er detikke plass til verken småsteinene eller golfballene. Det samme gjelder i livet. Hvis dere bruker all deres energi og tid på de små ubetydelige tingene, får dere aldri plass til det som er viktig for dere. Vær oppmerksom på de ting, som eravgjørende for deres lykke. Lek med barna. Pass på helsen! Inviter deres partner på middag. Ta enda en runde på golfbanen. Det vil alltid være tid til at gjøre huset rent og ordne avløpene. Ta dere av golfballene først - de ting som virkelig betyr noe. Få styr på det dere vil prioritere - resten er bare sand - og husk! Livet er kort!"

En av studentene rakte hånden i været og spurte hva kaffen representerte.Professoren smilte: "Jeg er glad for at du spør. Det er bare for å vise, at uansett hvor fylt ditt liv synes å være, så er det alltid plass til et par kopper kaffe sammen med en venn".

fredag 6. februar 2009

Kontroll

Du veit den kjensla du får når du ikkje har kontroll lenger? Når det skjer ting som du ikkje klarar å styra. Eg sit med den kjensla akkurat no. Og eg veit ikkje heilt kva som fekk meg til å tenkja det. Kva fekk meg til å mista kontrollen?

Når eg tenkjer over det, så mista eg vel eigentleg kontrollen når eg gjekk på FBO. Så mykje skjedde i mitt liv, at det forandra heile meg...

Nei...

Gud forandra meg. Han gav meg eit nytt liv. Men samstundes så fekk han kontrollen. Og dei siste vekene har han vist det ganske så tydeleg.

Det forrige innlegget mitt handla om talen eg heldt på Ablaze. Bibelgruppa eg og Linn starta opp. Elles hadde eg eitt innleiingsord på møtet forrige søndag, og eg skal leda familiemøtet no på søndag. Og det er berre ting som har med Betel å gjere! Dei siste vekene har eg rett og slett fått masse utfordringar, som eg sjølvsagt har valgt å ta. Det er tross alt på utfordringar du veks!

Men samtidig som det sjølvsagt er gøy, litt slitsomt, men mest gøy, så føler eg meir og meir at eg mister kontrollen. Kva skjer med meg? Kva vil skje med mitt liv? Kor leiar Han meg? Så mange spørsmål, og så få svar.

Men trass i alt - kanskje eg ikkje treng alle svara. Eg høyrte ein gong ein song som festa seg. Koret går slik:

All that I need to know for tomorrow
All that I need to know for today
Is that you'll be with me each moment
Holding me close to You, every step of the way

Kanksje det heldt å vita at Han held meg i si hand. Kanskje det heldt å vita at ein som er større, sterkare og visare enn meg, har kontroll. For viss eg hadde kontrollen... så ville alt vore ute av kontroll. Eg er ikkje stor nok til å halda mitt eige liv i handa mi. Eg har ikkje kontroll. Og då er eg glad eg kjenner han som har det.

laurdag 31. januar 2009

Wow...

Wow.. det er tanken om den siste veka. Det har riktignok ikkje skjedd så mykje, men eg kjenner eg har strekt meg. I går kveld hadde eg talen på Ablaze, ungdomsmøtet på Betel. Og sjølv om eg har haldt vitnesbyrd før (til og med for opp mot 1000 stk), og eg har leda møter, og eg har lest eigne dikt sjølv, så har eg aldri haldt ein tale. Så for meg var det eit stort skritt. Så til folk i Oslo kan eg sei at sjølv om eg ikkje lenger er på FBO og får undervisning og utfordringar der, så får eg nok av utfordringar her. Eg har ein god ungdomsleiar som sørgjer for at eg ikkje kjem til å stagnera. Takk, Linn.

For dei som ikkje var på Betel, talte eg om å bruka tid med Jesus - Han vil nemlig bruka tid med deg. Og ikkje berre ein dag i veka, men kvar dag. Jesus kaller seg vår brudgom. Ein brudgom er ikkje fornøgd med å vere med brura si ein dag i veka. Han vil vere med henne heile tida. Han vil ha eit intimt forhold. Og det vil Jesus òg. Han vil snakka med oss, høyra korleis me har det, fortelja at han elskar oss.

Dette er det eg har tenkt på dei siste dagane. Og det har fått meg til å bli endå meir ivrig i mitt orhold til Jesus. I går morges (eg hadde studiedag), brukte eg ein time til å lovsyngja Gud. Ein av dei tingene eg savnar frå FBO. Det er ein så herleg måte å starta dagen på.

Elles denne veka har eg vore med på å starta opp ei ny bibelgruppe, for nokre av dei yngre jentene i Betel. Det å skulle vera leiaren deiras utfordrar meg også. Men det blir bra! Eg diggar den gjengen, og gler meg til å bli betre kjend med dei.

No er det helg att, eg prøver å lese litt på sjukdomslæra, men kjem nok mest til å slækka i dag. Dessutan får eg besøk får ei kusine seinare i kveld, så må jo rydda litt og sånn før det..

For å summera opp: Veka mi har vore bra, denne dagen er bra, og helga blir bra. Livet mitt er rett slett bra! Close to perfect.. Gud velsigne dykk..

søndag 25. januar 2009

helg...

Det er søndag, klokka er halv fire, og det er på tide å oppsummere helga. Og den har vore fantastisk! Det byrja på fredag med Betel Ten Klubb, der Helene hadde andakt, om at alt er tomhet under sola. I denne verda er alt berre tomhet, for å finna meininga med livet må du gå utanfor denne verda, til Gud, som er større enn verda, som eksisterer før verda var til, og som er den einaste som kan gje fullkomen lukke.

Etter BTK, som sluttar altfor tidleg på kvelden til å leggja seg, såg eg film. Stolthet og Fordom. No skal eg ikkje påstå at Mr. Darcy er perfekt, men han er ein god mann. Men no har eg ikkje tenkt å koma med ein "eg er 20 år og er framleis singel..." klaging.. Det gjer meg faktisk ingenting. Eg er nøgd med livet. Og trass alt, eg er ikkje åleine, Gud er med meg. Og når tida er inne vil han nok gje meg ein å dela livet med og.. Eg treng det ikkje endå.. Romantiske filmar er likevel alltid kjekke!

Laurdag slappa eg av litt, las litt og så vidare.. Og lagde cookies! Dei vart ikkje heilt perfekte, men til å vere fyrste forsøk var dei greie. Og så spiste eg ris og kylling i sursøt saus hos Linn og Ingunn. Og Linn og meg avslutta kvelden med å køyra til Osterøy for å vitja gjengen som var på 18+ leir. Utruleg gøy å overraska dei! Og det var eit fantastisk bra møte me fekk vera med på! For ikkje å snakka om underhaldninga med Steinar etterpå.
Det kjekkaste var likevel praten Linn og meg hadde i bilen til å frå Raknestunet. Om gutar, draumar, Gud, familie og slekt, Betel, talar og mykje mykje meir.

Og no er det søndag. Eg har vore på møte i Betel, med barnevelsigning. Det er alltid så koseleg å be for ei lita jente eller ein liten gut. Dei er så utruleg søte! Og nei, eg har ikkje lyst på ungar endå, men om nokon gode vener får ungar, hadde det ikkje gjort meg noko å sitja barnevakt innimellom.. =) Uansett, no skal eg berre slappa av resten av dagen. Eller kanskje eg skal spilla volleyball med Linda og Tonje og folk.. Me får sjå kva som skjer.. Ha ein fin dag!

måndag 19. januar 2009

Et land langt mot nord

Folk har etterspurt fleire dikt her på sida mi, så no kjem eit nytt. Dette vart skriven på toget på veg over fjellet, frå Oslo til Bergen sist helg.

Et land langt mot nord

I et land langt mot nord
Hvor bjørn og rev og reinsdyr bor
Hvor elvene er villere enn ulv
Himmel er tak og havet er gulv

I et land der skogen altid er grønn
Hvor vinden roper ut sin bønn
Hvor fjellene rake som konger står
Majesteter i landskapet år etter år

I et land der havet mot berget slår
Hvor fjordene langt inn i fjellene går
Hvor fossene buldrer som drager
Kalde netter og gode dager

I et land hvor sneen faller djup
Hvor landskapet kler seg i dronningsskrud
Hvor naturen lovsynger skaperen sin
Der er den verden jeg kaller min



Kva kan eg sei? Gud skapte Norge vakkert. Og det er dette landet eg er født og oppvokst i, det er dette landet eg har lært å elska. Her er min heim. Her er mi verd.

søndag 11. januar 2009

Oslo!

No er eg i Oslo, på det vakre rommet til Wenche på Risløkka.. Å kor deilig det er å vera tilbake! Alt frå Ungfila, å vera ute på byen å dela ut kaffi, drøsing med Wenche og Bente, kvelden med vener.. Alt saman er berre fantastisk. Og det kjennest ikkje rart, men heilt naturleg å vere tilbake. Sjølvsagt kjenner eg meg ikkje heilt heime i Filadelfia, eg vil alltid berre vere ein gjest der, men det er jo godt å vere der. Og det er godt å sitja og ta imot for ein gongs skuld. Sleppa å tenkja at eg er ledar og at eg må vere klar for å gje, viss det trengs. Ikkje misforstå, eg stortrivst i Betel, men det er godt med litt fri.

Elles har eg altså vore med ut på gata og delt ut kaffi, hovudsakleg til de narkomane på Oslo S. Og det kjentes bra å få vere med å gjere noko, i staden for å berre snakke om å gjere noko. Og så var me på taco-kveld hos Iris, saman med mange andre frå gamleklassen, pluss nokre andre. Og det var herleg å sjå Iris, Dina, Stina og alle dei andre att. Sjølv om eg ikkje saknar Oslo by, saknar eg venene mine.. 

I morgon skal eg vere med gjengen på skulen, treffa lærarar og dei fra Next Level eg endå ikkje har truffe. Gler meg! Men fyrst skal me på kafé (tullins, sjølvsagt) og Møtepunkt. Så no må eg gå å gjera meg klar.. ;)

laurdag 3. januar 2009

2009

I dag er det den første lørdagen i 2009. Eg tenkte det var på tide å skriva ned nokre tankar om det nye året. Nyttårsforsetter og slikt. For dei må ein jo ha, sjølv om dei færraste blir haldt. I år satsar eg som så mange andre på dei tradisjonelle forsetta, som å trena meir, eta sunnare, mindre godteri og slikt.. Så får ein sjå kor lenge det heldt.

I det store og heile trur eg ikkje sånne småting er så viktige. Om eg tar av eller legg på meg nokre kilo dette året, så er det tross alt ikkje så viktig. Sjølv om eg sjølvsagt foretrekk det første. Det viktigaste dette året som dei førre, er Jesus. Og det viktigaste eg kan gjera dette året, er å følgja han. Å leva nært Han. Og det planlegg eg å gjer i 2009. Og det beste er at dette er eit nyttårsforsett eg for guddommelig hjelp til å halda! Det er ikkje berre eg som vil leva nært Jesus, han vil også leva nært meg. Og difor held han meg nær seg, og gjer det lettare for meg å halda meg nær han. Eit fantastisk prinsipp.

Eg trur Gud har store planar for dette året. Ikkje berre med meg og mitt liv, men med Frekhaug, Norge, verden.. Og det er opp til oss om me vil følgja.