onsdag 30. januar 2008

Livet går opp og ned...








Som ein god ven av meg pla seie når eg spurde korleis han hadde det: "Bob-bob, det går opp og ned veit du, Stine..." Og januar har verkeleg vore som ein berg og dal-bane. Vidare følgjer eit lite referat over månaden:


Fyrst hadde me to dagar med Halvard Hasseløy
= kjempekjekt.
Så var det ei veke med "bøn for Oslo",
= kjeisamt, mest fordi eg ikkje har så sterkt engasjement i Oslo
Kick-off i Haugesund, der mange blei frelst, helbreda og fylt av DHÅ, pluss at eg fekk treffe vener frå både Hgsd og Frekhaug att
= Fantastisk
2 veker i Oslo, med relativt bra undervisning, eindel jobb, og mange lange kveldar åleine i leilegheiten
= Slitsomt og einsamt



Og så kom helga som var. Eg slappa av, handla inn garn (heldt på å hekla lappeteppe no), las litt i nokre nye bøker, gjekk ein lang tur langs Bjørvika og bort til Aker Brygge, soaka ein halvtime, var på eit fantastisk møte med Egil Svartdahl og såg film med ein god ven etterpå. Og måndag snakka eg med bestevenninna mi... Eg føler at eg endeleg er klår for eit nytt halvår.


Men livet er framleis ikkje berre greit. Og kanskje er det slik det skal vere. Når eg snakkar med venene mine skjønar eg at det går opp og ned hos dei fleste. Ei venninne har nettopp blitt saman med ein kjempekjekk gut, medan ei anna har det vondt. Livet går opp og ned. Eller som eg las i ei bok - livet er som ei elv/kjelde, ho opplev forskjellige årstider, forskjellig vèr, av og til vert den nesten fullt opp av kvistar og blader, av og til tørkar den nesten til, men den fortset å renne. Og på ein måte er den alltid det same, men likevel er det aldri det same vannet som renn gjennom den. Det er intet nytt under sola, men likevel forandrar ting seg.


Jesus sa aldri at livet skulle vere lett. Det Han har sagt er at vil vere med oss gjennom ild og vann (Jes.55.8-9?). Me kan berre håpa at det i lengda vil vere fleire gode dagar enn vonde, og me kan be om t Gud gjer oss styrke til å tåla alt som hender oss.


Etter ein litt tøff månad er det dette eg har kome fram til. Dessutan er det viktig å hugsa på at når dagane er tøffe og einsame, kan ein liten telefon til ei god venninne gjere ting uendeleg mykje betre. Så ikkje undervurder venene dine. Eg vil iallfall ikkje undervurdera mine.. Glad i dykk!

Ingen kommentarer: