jaujau... No har eg òg oppretta ein blogg.. Ein liten nettheim.. Koselig... For at de skal få ein liten idè om korleis eg har det no, er eg altså i Oslo.. Noregs hovedstad... Vakker er ikkje det fyrste ordet som fell meg inn, men den er stor, heilt grei, og eg trivest godt.
No har eg berre eit halvt år att på bibelskulen. Og det store spørsmålet er kva som skal skje etterpå.. Den store kampen mellom Haugesund og Frekhaug... Sjølv om Frekhaug nok allereie har vunne. Til stor glede for alle frå Bergen og Nordhordland, og til stor skuff for alle frå Haugesund.. Vel, ein kan ikkje gjere alle glade på same tid.. Og difor fortset kampen i meg, sjølv om eg har bestemd meg... Følelsar er ein merkeleg ting.. Men Gud skapa oss vel slik med ein hensikt. Han visste nok kva Han gjorde. Det er utruleg herleg å vita at eg berre kan leggja alt i Hans hender, og at Han har kontroll. Eg stolar på at eg endar opp der Han vil ha meg...
Og til alle frå Haugesund: Ikkje tru at eg ikkje er glad i Araberstaden.. =) Den kjem på ein veldig god andreplass. Og eg saknar dykk alle, masse. Og eg gler meg til å sjå dykk att..
Kjærleik frå Stinejenta...
søndag 6. januar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar