søndag 15. juni 2008

Savn og Kjærleik

No er eg heima i Haugesund att.
FBO er slutt, og eg er flytta frå Oslo. Merkelig at det skulle blli så vanskelig å flytta frå den byen eg aldri heilt likte.. Som sagt: Eg er ikkje, og vil aldri bli, ei storbyjente.. Men det handlar nok meir om at det var vanskeleg å flytta frå alle dei fantastiske folka eg vart kjend med der.
Saknar alle oslo-venene mine.

Men så er det sjølvsagt godt å koma heim. Og alle har tatt veldig godt i mot meg. Kor godt å få ein klem frå dei eg ikkje har truffe på mange veker.. Eg har sakna dei og. Det verkar som om livet er fylt av savn og lengsel etter nokon eller noko. Eg vil nok i alle fall alltid sakna nokon. Når eg budde på Frekhaug sakna eg folk frå Haugesund. Når eg budde i Oslo sakna eg folk her og på Frekhaug. Og no saknar eg folk frå Frekhaug og Oslo. Og til høsten.. du skjønar teikninga??

Men livet er òg fylt av kjærleik, venleik og lidenskap. Og du kan ikkje ha det i livet uten og å ha savn. Korleis vita kva kjærleik er, utan å vita kva det er å ikkje ha den du elskar hos deg?

Det er godt å vita at Jesus er med meg kvar eg enn flyttar, og samstundes kunne lengta etter å sjå Han som Han er. Kjærleik og savn i godt samspill.

Og dessutan: med fjesbok, mobil og tog er det jo ikkje noko problem å halda kontakten sjølv om avstandane er store reint geografisk.. Tenk om me hadde levt for 200 år sidan! Me er heldige. Takk til Gud!

måndag 31. mars 2008

Filippinene, påsken +++




Filippinene var fantastisk! Eg storkoste meg, i alle fall mesteparten av tida.. Eg haldt vitnesbyrd to gonger, og i forkant og etterkant av dei var eg kanskje ikkje heilt på topp. Men det gjekk kjempebra! Elles hadde me skulebesøk, møte i "Sea & Sun Christian Church", fellesmøte for alle kristne på heile Camiguin (det var mellom 700 og 1000 på møtet), ungdomsmøte o.l. Me køyrde drama, rap, dans, vitnesbyrd og tale alle stadane.. Og eg vitna altså, fyrst på eit møte i kyrkja, og så på fellesmøte. Dessutan var eg med i drama, sjølvsagt. Me gjekk på husbesøk to dagar og, til folk i kyrkjelyden. Snakka litt med dei, velsigna dei, osv. Det var sterkt å sjå korleis dei budde, men likevel tok imot oss med glede og helst ville ha heile klassen inn. Det gjekk ikkje i alle husa, men i dei fleste var alle med inn. Det var mange som ville ha forbønn for helsa, men få økonomiske ting vart nemnt. På møtene og bad me mykje om helbreding, særleg på fellesmøte. Eg bad for to med kreft/svulst, og to andre med andre plager. Sånne ting som er vanskelege å seie om vart helbreda eller ikkje. Men det har lært meg å gå i tru. Eg trur at Gud ser til dei, at Han legar dei, sjølv om eg ikkje er der og får sjå resultatet av bønene. Elles i kyrkja bad me mykje om åndsdåp, og det var mange somv art fylt opp av Den Heilage Ande. Tungetalen fløyt to av kveldane. Møtene i kyrkja var generelt prega av sterkt Gudsnærvær, og lovsongen var fantastisk. Snakk om menneske som gjev alt! Sjølv om me ikkje skjøna orda i alle songane kjende me anden. Kjempesterkt!

Elles må det jo også nemnast at Camiguin Island er ei nydeleg øy. Det er ei vulkanøy med berre 7 vulkanar (!), heldigvis var berre 2 av dei i livet, og dei sov. "Hush, you'll wake the vulcan!" var ein setning nokre i klassen fekk høyra når dei bråka litt for mykje.. Det skjedde heldigvis ikkje. Men det var mykje anna fint å sjå på, Katibawasan Fall, ein 80m lang foss, der me bada. Aldeles nydeleg.
White Island, ei sandøy på eit
korallrev litt uti havet var og flott.
Varme og kalde kjelder finst på øya, og elles er ho sjølvsagt full av palmar o
g andre ekotiske ting. Ho vert kalla "Paradise Island" og det er ikkje overdrive..

Og på bildet over kan du jo sjå nokre av alle dei
vakre, "gwapa" menneskene me trefte. Jentene som arbeidde i "Sea & Sun Ministries" var
utruleg kjekke, smilande, og gjorde alt for at me skulle ha det best mogleg. Og kveldane i Cafe Dafi, der dei serverte oss var kjempekjekke. Og best var det sjølvsagt når me inviterte med oss inn nokon av dei lokale folka og spanderte på dei. Så kosleg å sitja å snakka med dei..
Det var trist å reisa frå Camiguin Island og alt det som skjedde der, men det var godt å koma heim og. Og me kom jo heim til påskeferie, så då sto Haugesund og Frekhaug for tur. Så kjekt å treffa alle venene mine att.. Karina, Robert, Mette, Lisa, Linn, og resten av gjengen. Begge plassar. Mamma og Pappa, og Tonje, var forsåvidt på ferie sjølv, så dei fekk eg ikkje treft. Og det var jo litt kjipt, men eg treff dei vel snart nok likevel..
Men no er påsken og godt over, og skulen har byrja att. Og det er berre 11 veker att på FBO, så flyttar eg tilbake til Haugesund.. Og når august kjem flyttar eg til Frekhaug. Viss eg finn ein stad å bu. Men det går nok greit. Både gler og gruar meg. Men gler meg mest, sjølv om det vert trist å dra frå klassen her. Jaujau.. Eg skal i alle fall få mest mogleg ut av dei vekene eg har att her.. =)

onsdag 27. februar 2008

Skuletur i morgon!



I morgon tidlig drar klassen vår (Filadelfia Bibelskule Oslo) til Filippinene! Eg gler meg utruleg mykje.. Og samstundes er det litt skummelt. Nei, det er feil ord... - utfordrande er betre. Spørsmålet er om eg klarar å takla alle utfordringane. Eg skal halda vitnesbyrd, vera med å leia klassen i bøn, og vera "partygirl" i dramastykket vårt. Det går dårleg, det. Har aldri vore ei festjenta, og då er det vanskeleg å spela kul på fest.. Men dei skjønar nok det me prøvar å formidla uansett om eg gjer ein litt dårleg jobb. Tross alt har eg ikkje hovudrolla. =)
Så har du sjølvsagt også kulturen, varmen, luftfuktigheita og alt det andre. Små ting som: Kjem eg til å lika maten der? og Vil mitt vitnesbryd bety noko for nokon der? er tankar som surrar i hovudet mitt konstant.
Men eg er klår! Og eg veit at Gud er med oss, med meg. Med Han kan eg klara alt. Heldigvis treng eg ikkje gå i eiga kraft, eg veit at Han vil gje meg av sin styrke. Og det er Han som skal virka i hjartene til folket der. Alt eg kan gjera, er eigentleg å la meg sjølv bli brukt av Han. Eg er kun ein reidskap i Meisterens hand.
(Bildet er frå vår juleavslutning - gler meg til å dra på tur med denne gjengen!)

torsdag 7. februar 2008

Predikantkonferansen 2008

Som elev på Filadelfia Bibelskole Oslo får me æra av å vera med på Pinserørsla sin årlege predikantkonferanse. Og sidan eg er fødd og oppvaksen som pinsevenn synest eg det er utruleg gøy. Her kjem alle dei kjende pastorane og forkynnarane, og så midt i mellom dei sit eg. Spennande.
Og det som sjølvsagt er ekstra gøy, er når nokre av dei kjenner meg att frå eit eller anna. For eksempel kjende dei som var pastorpar i Haugesund når eg var lita meg att. Ove og Anne-Marit Arnoldsen. Ifølgje Anne-Marit er eg ein av "ungane frå Haugesund".. Sjølv om ho måtte erkjenne at eg hadde vakse litt sidan sist. Og Øyfrid Sofienlund, som var leirprest på den fyrste leiren der eg var leiar (les: kjøkkenhjelp) kjende meg att og me snakka nokre minuttar saman.
Men det som toppa alt var sjølvsagt dei 5 minuttane eg fekk snakka med "gamle" pastoren min, Øystein Valde frå Betel, Frekhaug. Det er lenge sidan eg har snakka med han no, fann eg ut. Og det vart berre prikken over i'en i dag. Sjølv om me hovudsakleg snakka om påsken og kva som skal skje i Betel då, så var det kjekt. Og eg fekk tilbod om å delta med noko. Då er eg nettopp komen heim frå skuleturen til Filippinene, så eg reknar med at eg kjem til å ha mykje å dela.. Men uavhengig av det, så gler eg meg grenselaust til å koma heim att te Frekhaug, sjølv om det berre er ei kort helg. Eg gler meg til å koma heim!

Noko anna som sjølvsagt må skrivast ned er at i testen "Hvem er du i Andeby" fekk eg:
Jeg ble: Bestemor Duck- Du ble Bestemor Duck! Du er en persom som altid setter andre framfor deg selv, og du liker å bake.
Bestemor Duck i seg sjølv er kanskje ikkje så stort, men skildringa av henne fekk meg til å lika det. Det er jo eigentleg ein draumeskildring. Og som ein i klassen kommenterte:
Du ER Bestemor Duck. Bare kulere. Fra nå av ER du Bestemor Duck.
TIl det kan ein jo nesten seie Halleluja.. (Som ein ekte bibelskuleelev.. =)

onsdag 30. januar 2008

Livet går opp og ned...








Som ein god ven av meg pla seie når eg spurde korleis han hadde det: "Bob-bob, det går opp og ned veit du, Stine..." Og januar har verkeleg vore som ein berg og dal-bane. Vidare følgjer eit lite referat over månaden:


Fyrst hadde me to dagar med Halvard Hasseløy
= kjempekjekt.
Så var det ei veke med "bøn for Oslo",
= kjeisamt, mest fordi eg ikkje har så sterkt engasjement i Oslo
Kick-off i Haugesund, der mange blei frelst, helbreda og fylt av DHÅ, pluss at eg fekk treffe vener frå både Hgsd og Frekhaug att
= Fantastisk
2 veker i Oslo, med relativt bra undervisning, eindel jobb, og mange lange kveldar åleine i leilegheiten
= Slitsomt og einsamt



Og så kom helga som var. Eg slappa av, handla inn garn (heldt på å hekla lappeteppe no), las litt i nokre nye bøker, gjekk ein lang tur langs Bjørvika og bort til Aker Brygge, soaka ein halvtime, var på eit fantastisk møte med Egil Svartdahl og såg film med ein god ven etterpå. Og måndag snakka eg med bestevenninna mi... Eg føler at eg endeleg er klår for eit nytt halvår.


Men livet er framleis ikkje berre greit. Og kanskje er det slik det skal vere. Når eg snakkar med venene mine skjønar eg at det går opp og ned hos dei fleste. Ei venninne har nettopp blitt saman med ein kjempekjekk gut, medan ei anna har det vondt. Livet går opp og ned. Eller som eg las i ei bok - livet er som ei elv/kjelde, ho opplev forskjellige årstider, forskjellig vèr, av og til vert den nesten fullt opp av kvistar og blader, av og til tørkar den nesten til, men den fortset å renne. Og på ein måte er den alltid det same, men likevel er det aldri det same vannet som renn gjennom den. Det er intet nytt under sola, men likevel forandrar ting seg.


Jesus sa aldri at livet skulle vere lett. Det Han har sagt er at vil vere med oss gjennom ild og vann (Jes.55.8-9?). Me kan berre håpa at det i lengda vil vere fleire gode dagar enn vonde, og me kan be om t Gud gjer oss styrke til å tåla alt som hender oss.


Etter ein litt tøff månad er det dette eg har kome fram til. Dessutan er det viktig å hugsa på at når dagane er tøffe og einsame, kan ein liten telefon til ei god venninne gjere ting uendeleg mykje betre. Så ikkje undervurder venene dine. Eg vil iallfall ikkje undervurdera mine.. Glad i dykk!

laurdag 19. januar 2008

litt av kvart

Fyrst av alt, så vil eg heim! Heim til ... =) Eg saknar folka der. Og eg er lei av Oslo. Følar eigentleg at eg ikkje passar inn her. Eg høyrer til på den andre sida av fjella. Eg er lei av alle husa, bygardane, gatene, bilane, trikkane, menneska, lyset og det ikkje så alt-for-bra veret.. At nokon orkar å bu her heile livet skjønar ikkje eg. Eit halvt år er meir enn nok for meg. Men eg må vere her eit halvt år til. 5 månadar for å ere nøyaktig. Og eg tel ned til den dagen då eg kan flytta heimatt...
Det andre er at eg er sliten, men eg skjønar ikkje kvifor. Kanskje fordi eg blei dregen litt for fort ned att på jorda etter den fantastiske kick-off-helga i Hgsd sist helg. Med 22 stykk på besøk frå Frekhaug, Remi Fagervik som helgas talar, Team Norge på besøk, mange som blei frelst, mange som blei helbreda (eg ba for ei av dei - wee!) og mange som blei åndsdøpt var det sjølvsagt kjempeflott! Og sidan Betel-gjengen var på besøk fekk eg truffe både dei og venene mine frå Hgsd på ein gong! Eg storkoste meg. Men alt gjekk i ett, og den slitne følelsen måtte jo koma ein gong, eg berre hadde vel ikkje tid til å tenka over den før no på torsdag.. Og no kjennar eg den godt. Vil helst slutta alt og dra heim, men som eg skreiv ovanfor, så kan eg ikkje det...
Det tredje er at Kenya-turen er utsatt, på grunn av urolegheitane i landet. Litt trist, men det skal nok gå bra. Må bytta ei helg på jobb, men det skal vel gå. Men eg håpar verkeleg at det blir Kenya, det er liksom det eg har forberedt meg på. Sjølv om det nok blir fantastisk uansett kvar me dreg. Eg gler meg uansett, eg stolar på Gud og på lærarane våre. Gud sin trofasthet når til skyene, i følge salme 57.10(?) så trur han har kontroll.
Det var min litle oppdatering på mitt liv.. Ikkje alt er tipp topp, men alt i alt har eg det eigentleg bra. Må berre få ut litt frustrasjon og sinne nokre gonger.. Gud signe deg!

tysdag 8. januar 2008

Kjærleik...



Kva er det med at alle får seg kjæraster no for tida? Folk på min eigen alder, og yngre, driv og giftar seg?!? Eg kjenner eg blir frustrert. På den eine sida er eg singel og lukkeleg, og planlegg ikkje å gifte meg i den aller næraste framtida, men på den andre sida skulle eg gjerne hatt ein kjekk type ved sida mi eg òg... Hmm... det skal ikkje vere lett å vere ung.

Og det som er endå verre enn at ikkje har type no, er at det ikkje er nokon guttar i nærleiken eg kunne tenkt meg å bli samans med heller. Kanskje delvis fordi eg (framleis) er i Oslo, og eg synest vestlendingar er kjekkare enn østlendingar (hint-hint til alle kjekke vestlandsgutar =). Og eg vil i alle fall ikkje bu her heile livet, så det tydar at dersom eg skal finna
ein partner her, må eg òg overtala han til å bli med tilbake til vestlandet. Ingen enkel oppgåve. Konklusjonen må bli at eg kjem til å vere singel i minst eit halvt år til. Det burde vel gå an å klare? Viss det berre kunne kome ein "Mr. Darcy" meg i møte når eg flyttar heim att. =)

Uansett set eg lita mi til Gud. Eg stolar på at han vil finna ein god mann til meg.